naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Fagleg bakgrunn for opplegget
Vi er omgitte av menneskeskapte gjenstandar og system som vi kallar teknologi. Teknologi spenner frå enkle reiskapar til avansert moderne datateknologi. Barn og unge i dag møter teknologi i heimen, på skolen og i fritida, og dei fleste er svært aktive brukarar av teknologi. Men elevane må ikkje berre ha ferdigheiter til å bruke dagens teknologi. Vi må legge til rette for at dei kan lære og forstå dei grunnleggande prinsippa som ligg bak teknologien, slik at dei kan ta kontroll over han og kreativt utvikle han til det beste for seg sjølve og fellesskapet. Nøkkelkompetansar i teknologi er systematisk problemløysing og forståing av samanhengar og komponentar. Alle elevar treng ei utdanning som gjer dei i stand til å bruke teknologi i kvardagen, ta stilling til dilemma som den teknologiske utviklinga skapar og forstå korleis teknologi kan fremme eller hemme ei berekraftig utvikling.
Eit kjenneteikn på teknologi er at det er ein reiskap som skal fylle ei oppgåve og ha ein funksjon i eit større heile. Produkta og systema som blir utvikla, må bli gitt ei form og ein struktur, det vil seie eit design. Teknologi og design er tett bundne saman.
Teknologi som del av naturfag
Teknologi og naturvitskap er to skilde fagområde med utgangspunkt i ulike fagtradisjonar med ulike siktemål. Målet med naturvitskapen er å forstå verda, mens målet med teknologien er å løyse problem og skape noko nytt. Dette opplegget handlar om korleis utvikling av og bruk av teknologiske innretningar kan påverke verda, sett i lys av berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling
I 1987 ble omgrepet «berekraftig utvikling» definert av Verdskommisjonen for miljø og utvikling (WCED) med Gro Harlem Brundtland som leiar, som ein utvikling som kjem dagens behov i møte utan å øydelegge muligheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov (Brundtland, 1987). I denne definisjonen er det lagt særleg vekt på dei fattige sine behov for å få oppfylt sine grunnleggande rettar og skape moglegheit for eit betre liv. Samtidig legg han vekt på bereevna til naturen både nå og i framtida.
For at ei utvikling skal vere berekraftig, må det alltid bli tatt omsyn til tre hovuddimensjonar: sosiale forhold, økonomi og miljø. Desse dimensjonane reflekterer behovet for å balansere økonomisk og sosial vekst med omsyn til miljøet.
Hausten 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane før 2030. Da måla blei vedtekne i 2015, var det med ei ny forståing for at økonomi, sosiale forhold og miljø påverkar kvarandre i større grad enn det vi trudde tidlegare. For ikkje å bruke opp den einaste kloden vi har, må vi finne løysningar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien vår, og vi må finne betre måtar å fordele ressursane på. Det er berekraftig både for menneske og miljøet.
Sirkulær økonomi
I ein sirkulær økonomi er målet å utnytte naturressursar og produkt effektivt og så lenge som mogleg i eit krinsløp der minst mogleg ressursar går tapt. Dette inneber at produkt i større grad må reparerast, oppgraderast og brukast om igjen.
EU-kommisjonen la 30. mars 2022 fram sitt forslag til eit rammeverk med designkrav som skal sikre berekraftige produkter. Sentralt står ein ny økodesignforordning som vil erstatte dagens økodesigndirektiv. Eit av hovudmåla med dette regelverket er å redusere negativ miljøpåverknad i hele livssyklusen til produkter. Dette inkluderer blant anna:
- krav til produkt om haldbarheit og moglegheit for å oppgradere, demontere, reparere, bygge om, vedlikehalde, ombruke og vedlikehalde
- redusere innhald av kjemikaliar i produkt
- redusere energi- og ressursbruk i produkt
- auke innhaldet av materialutvunnen råvare i produkt
- auke materialgjenvinning av kasserte produkt
- redusere karbon- og miljøfotavtrykk til produkt
- krav for å redusere, og ev. forby, destruksjon av produkt som ikkje blir selde
- meir informasjon om produkt, inkludert digitale produktpass
- krav til grøne innkjøp i offentleg sektor
- kodesignforordninga vil både stille fleire krav og gjelde for fleire typar produkt enn dei som er omfatta av dagens økodesigndirektiv. I dag omfattar direktivet først og fremst energirelaterte produkt.
Les meir på https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/sirkular-okonomi/