Hopp til hovedinnhold

Reproduktiv kloning av dyr

Ved reproduktiv kloning lagar ein genetisk like organismar. Ein ser for seg at reproduktiv kloning av dyr kan brukast til medisinsk behandling av menneske, men det er enno noko som er på forskingsstadiet.

 

Dolly - det første pattedyret som ble kolonet. Foto: Roslin Institute Dolly - det første pattedyret som ble kolonet. Foto: Roslin Institute

Dersom ein har laga eit genmodifiserte dyr med bestemte eigenskapar, kan det vere at ein ønskjer å klone det for å få mange dyr med dei same eigenskapane. Dette har ein blant anna gjort der ein har prøvd å lage grisar som kan brukast til xenotransplantasjon (les meir om dette på artikkel om xenotransplantasjon). Ein kan og tenkje seg at ein lagar dyr som produserer protein som er av medisinsk interesse i mjølka til dyr. Til no har ikkje kloning av dyr for behandling av menneske fått noko betyding i medisinsk samanheng.

Verdas første klona pattedyr var sauen Dolly som kom til verda i 1996. Sidan den gong har fleire ulike dyre blitt klona, men i ikkje alle har hatt medisinske formål. Ein har blant anna prøvd å redde utryddingstrua dyreartar og ein har klona avdøde kjæledyr.

Sjølve kloninga

For å klone eit dyr treng ein ei eggcelle, ei celle frå dyret som skal klonast og eit dyr som ein kan setje inn egget i (det kan vere same dyr som det ein får eggcella frå). Ein fjernar cellekjernen i eggcella og erstattar denne med cellekjernen frå cella til dyret som skal klonast. Ein har då fått ei eggcelle med same arvestoff som dyret som skal klonast. Unntaket er DNA-et i mitokondriane som kjem frå eggcella. Ein må så stimulere eggcella til å oppføre seg som eit befrukta egg. Deretter set ein det inn i livmora til eit dyr som kan bere fram det klona dyret.

Etiske problemstillingar

Kloning av dyr reiser fleire etiske problemstillingar. Her er nokre:

  • Er det riktig å genmodifisere og klone dyr for å bruke til behandling av menneske?
  • Er det riktig å bruke kloning for at nokre skal få ein klon av kjæledyret sitt?
  • Kva om nokon prøvar å bruke teknologien til å prøve å klone menneske?

Norsk lov

I følgje genteknologilova er det forbode å klone virveldyr og krepsdyr, men forskarar kan søkje om dispensasjon etter bestemte vilkår. Ein kan ikkje søkje om å få klone primatar (apar og menneske).