Hopp til hovedinnhold

Genterapi og DNA-vaksiner

Genterapi vil seie å bruke genetisk materiale for å kurere sjukdom. I dag er bruk av genterapi enno på forskingsstadiet.

Genterapi var noko ein hadde store håp for på byrjinga av 1990-talet. Då såg ein for seg at ein kunne kurere ein del sjukdomar ved å gje folk nye friske gen. Føresetnaden for å kunne gjere dette, var at ein visste kva gen som førte til sjukdom.

Vanskeleg

I dag, om lag tjue år etter dei fyrste forsøka, er genterapi enno ikkje noko som er vanleg i bruk til behandling av menneske. Dette skuldast at det i praksis ikkje er så lett å gje menneske nye gen. Gena skal inn i riktige celler og der skal det lage protein som fungerer og proteinet skal lagast i riktige mengder.

Ein kan og ta ut celler frå pasienten og bruke genterapi på desse før ein set cellene tilbake i pasienten.

Eit problem med genterapi, kan vere at nye gen forstyrrar andre gen. Det har ein sett med barn som har blitt behandla for ein immunsviktsjukdom. Nokre år etter at dei hadde fått genterapi, utviklar nokre av barna blodkreft.

Moglege bruksområde

Det blir forska mykje for å prøve å få genterapi til å bli noko som kan brukast til å behandle ei rekkje sjukdomar. Cystisk fibrose er ein sjukdom det har vore forska mykje på for der er det eit bestemt gen som trengst av celler i lungene.

Kreft er kanskje det det har vore forska mest på. Ved kreft er som oftast ikkje målet å gje cellene gen som lagar protein som verkar, men å gje gen som lagar protein som tek knekken på kreftcellene. Dette synest å vere ein lettare strategi enn å få celler til å bli friske.

DNA-vaksiner

Den forma for genterapi som kanskje vil kome først i bruk i større omfang, er bruk av DNA-vaksiner. Då lagar ein vaksiner som inneheld DNA som vil føre til at det blir laga protein som set i gang immunsystemet i kroppen vår. Cellene skal altså ikkje blir friske, men dei skal bli immune mot noko ein kan bli smitta av seinare.

Etiske problemstillingar

  • Er der riktig å endre på arvematerialet vårt?
  • Kva om ein kan bruke genterapi til å forbetre normale eigenskapar?

Norsk lov

I følgje norsk lov er det forbode å bruke genterapi som kan påverke kjønnscellene. Då vil nemleg terapien gå i arv. Der er og forbode å bruke genterapi for å prøve å forbetre menneske.

Nettressurser

(bioteknologiradet.no)
(bioteknologiskolen.no)