Hopp til hovedinnhold

Surrealistisk naturfag

Surrealismen, som er inspirert av den underbevisste draumeverda, kan hjelpe oss med å auke bevisstheita vår. Dette kan vi bruke i naturfagundervisninga.

Dette måleriet er kjent som «dei mjuke klokkene» eller «dei smeltande klokkene», men tittelen er eigentleg Minnet si standhaftigheit (La persistencia de la memoria). Dalí kommenterte det slik: «Eg er like overraska over at ein banktilsett aldri et ein sjekk, som eg er over at ingen målar før meg nokon gong har tenkt på å måle ei mjuk klokke.» Frå boka Dalí. Dette måleriet er kjent som «dei mjuke klokkene» eller «dei smeltande klokkene», men tittelen er eigentleg Minnet si standhaftigheit (La persistencia de la memoria). Dalí kommenterte det slik: «Eg er like overraska over at ein banktilsett aldri et ein sjekk, som eg er over at ingen målar før meg nokon gong har tenkt på å måle ei mjuk klokke.» Frå boka Dalí.

surrealisme: mykje surr og lite realisme

Vestlandssurrealisten Ragnar Hovland kom med denne ironiske definisjonen av surrealisme, og sette fingeren på korleis surrealismen ofte blir oppfatta. Men faktisk kan surrealismen, som er inspirert av den underbevisste draumeverda, hjelpe oss med å auke bevisstheita vår.

Surrealismen oppstod omkring 1920, og var inspirert av det underbevisste, slik det blei betrakta gjennom Sigmund Freud og psykoanalysen. Salvador Dalí (1904–1989), ein av verdas mest kjende surrealistar, var sjølv sterkt inspirert av Freud, og ønskte lenge å møte han. Ein dag Dalí satt og åt favorittretten sin, sniglar, såg han eit bilde av Freud i avisa, og observerte det nøye. Han gav frå seg eit rop: Han hadde oppdaga den morfologiske løyndomen til Freud – kraniet hans var eit snigelhus! Da dei endeleg møttest etter fleire mislukka forsøk, fekk dei ikkje snakka så mykje saman som Dalí hadde ønska. Men dei slukte kvarandre med auga. Mens Dalí prøvde å vise Freud ein vitskapleg artikkel han hadde skrive om paranoia, heldt Freud berre fram med å stire på Dalí. Etter møtet skreiv Freud til deira felles forfattarven Stefan Zweig: «Eg har tidlegare sett på surrealistane som komplette idiotar, men denne unge spanjolen med sine oppriktige, fanatiske auge og sin unekteleg mesterlege teknikk, har endra synet mitt.» Dalí svara med at hovudskallen til Freud likna eit snigelhus.

Dalí var veldig inspirert av vitskap generelt. Han begynte å lese vitskaplege artiklar i veldig ung alder. I biblioteket hans samla han hundrevis av bøker med tema som fysikk, kvantemekanikk, livets opprinning, evolusjon, matematikk – bøker som etter kvart blei fulle av notatar i margen. I tillegg abonnerte han på alle vitskaplege tidsskrift han kunne komme over.

Vitskap appellerte til tankemåten hans: Nye radikale verkelegheitsskildringar innanfor moderne fysikk utfordra den vante oppfatninga om at verkelegheita rundt oss kan sansast direkte, at det vi ser, høyrer, kjenner og luktar er ei materielt stabil og tilgjengeleg verkelegheit. Surrealistar som Dalí leikar med dette gapet som oppstår mellom den vante oppfatninga vår av verda og skildringa av henne som relativ og fleirdimensjonal. Den menneskelege bevisstheita sine surrealistiske vandringar i draumeverda om natta liknar mennesket si usikre sansing av verda om dagen. Kanskje kan Dalí si fantastiske bildeverd opne opp det store rommet der vitskapen møter fantasien? For korleis kan ein førestille seg ei verkelegheit som kanskje ikkje ein gong lar seg komme til syne for det menneskelege auget?

Slik som for eksempel tid. Tid er noko verkeleg, men vanskeleg å forstå i djupna. Da Albert Einstein formulerte relativitetsteorien, var Dalí berre ein unggut. Men eit av dei mest kjende måleria til Dalí, det med dei smeltande klokkene, viser at Dalí kanskje var inspirert av relativitetsteorien, og at klokkene kan vere eit symbol på at tid og rom er relativt. Sjølv ville han typisk nok ikkje innrømme det – tvert imot påstod han at klokkene var inspirert av camembert (ein ost) som smelta i sola. Kanskje Dalí svara slik fordi han ville at folk skulle få lage sine eigne tolkingar? Her anar vi den meir langsiktige verknaden av surrealismen, enn at den berre er annleis enn den dominerande kunsten: Surrealismen kan utvide vår oppfatning av verkelegheita, og få oss til å sjå verda på ein annan måte. Og når vi ser verda på ein annan måte, kan det opne auga våre for at det vi ser ikkje alltid er slik vi trur. Dette er ein veldig viktig eigenskap å ha med seg i forsking og naturvitskap. Men også når ein er ein elev som skal lære naturfag. Ein naturfagtime treng ikkje dreie seg om fasitsvar og pugging.

Kreativitet er ein viktig eigenskap som alle elevar skal få moglegheit til å utvikle. Da er det viktig å tørre å tenke annleis, kontrafaktisk, utanfor boksen, og snuting heilt på hovudet. Viss ingen stiller spørsmål og lagar nye forklaringsmodellar, kjem ikkje forskinga seg framover.

Fossil av Hallucigenia. Foto: Jean-Bernard Caron, University of Toronto. Fossil av Hallucigenia. Foto: Jean-Bernard Caron, University of Toronto.

Eit eksempel på forsking som bokstaveleg talt blei snudd på hovudet, er funnet av fossilet Hallucigenia.

Fossilet blei først rekonstruert opp-ned, noko som gjorde at forskarane trudde dei hadde funne eit draumeaktig dyr. Derfor fekk det namnet Hallucigenia. Teikning: Stine Beate Schwebs. Fossilet blei først rekonstruert opp-ned, noko som gjorde at forskarane trudde dei hadde funne eit draumeaktig dyr. Derfor fekk det namnet Hallucigenia. Teikning: Stine Beate Schwebs.

Namnet blei gitt på grunn av den draumeaktige utsjånaden, fordi det først blei rekonstruert opp-ned, ståande på stive pinnar og veivande med tentaklane i vatnet. Men da nokon torde å snu han andre vegen, blei det tydeleg at dette måtte vere ein marin fløyelsorm i gruppa lobopoder.

No kunne forskarane sjå likskapar mellom Hallucigenia og andre fløyelsormar. Teikning: Stine Beate Schwebs. No kunne forskarane sjå likskapar mellom Hallucigenia og andre fløyelsormar. Teikning: Stine Beate Schwebs.

Korleis kan ein forskar klare å ta spranget frå å sette saman kunnskapsbitar frå små fossil til å visualisere fram eit fortidsdyr av kjøt og blod som seinare blir selt som verkelege plastleiketøy i butikken – eit dyr vi aldri har møtt? Og så er det ikkje slik at vi finn fossil av alle dyra som nokon gong har levd på jorda. Snarare tvert imot – fossil frå urtida er unntaket heller enn regelen.

I Naturfag 1/16, med temaet tid, hadde Øyvind Hammer ein artikkel med tittelen Ikkje sitér meg på dette som vi ikkje vil sitere frå, men innhaldet gjorde oss ganske svimle: Det er enorme hopp av tid i jordas utvikling der vi har store, blanke kunnskapshol, slik at vi eigentleg ikkje anar kva slags vesen eller liv som kan ha hatt tilhald på jordoverflata i ulike periodar. Med slike kunnskapshol blir førestillingsevna eit verktøy for å kunne sette saman sparsam informasjon og lage samanhengande forteljingar om det ukjende.

Dersom det å observere og oppdage heng saman med evna til å førestille seg ting som (inntil no) ikkje finst, så er surrealismen der for å hjelpe oss med å øve opp denne evna!


Naturfag 1/17 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 1/17. Utgåva har temaet "Kreativitet i naturfag".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.