Hopp til hovedinnhold

Ikkje sitér meg på dette

Eg skal gje dykk nokre ukompliserte fakta og observasjonar. Frå desse skal eg trekkja ein konklusjon som er heilt urimeleg og sannsynlegvis feil.

Den svært populære boka «The world without us» (Weisman 2007) drøftar kva som ville skje med jorda dersom menneska vart borte over natta. Weisman meiner at etter berre eit par hundre år vil det vera få spor att etter oss, om nokre. Ei liknande bok, «The Earth after us» (Zalasiewicz 2009), handlar om kva geologiske spor menneskeslekta vil etterlata seg. Om hundre millionar år vil det vera få direkte bevis for at vi var her. Hundre tusen års eksistens som art vil ikkje utgjera meir enn omtrent ein meters høgde i avsetjingsbergartar. Det meste av den tida var vi temmeleg sjeldne og etterlot oss få fossil fordi vi levde på land. Byar og dammar kan vara ei stund, men med tida vil dei òg forvitra eller verta øydelagde av endringar i jordskorpa.

Vi geologer har blitt lært at «notida er nøkkelen til fortida». Aktualitetsprinsippet seier at dei same naturlege prosessane som skjer i dag, skjedde òg i fortida. Sjølv om det finst unntak, har dette prinsippet vore eit uvurderleg verktøy for å forstå geologiske prosessar som skjer over ufatteleg lang tid. I dag er vi midt i ei masseutrydding som skuldast handlingane til ein intelligent art. Vi kjenner til flere masseutryddingar i den geologiske fortida vår. Dersom vi bruker aktualitetsprinsippet på dei tidligere masseutryddingane, kva skal vi då tru det var som forårsaka dei?

Zalasiewicz antek at eit av dei få langvarige spora etter menneska i fossillaga vil vera eit brått fall i isotopverdiane for karbon. Nettopp slike fall er forbunde med nokre av dei tidlegare masseutryddingane, spesielt mot slutten av perm, men òg nokre mindre hendingar, som slutten av paleocen. Igjen, kva skal vi tru dette skuldast dersom vi brukar aktualitetsprinsippet på desse falla i isotopverdiane for karbon?

Det har antakeleg demra for lesaren kvar eg vil hen (og sidan eg er ein seriøs forskar og gjerne vil behalda jobben min, understrekar eg at eg ikkje meiner det alvorleg). Eg seier altså at det ikkje ville vera overraskande om geologane og paleontologane ikkje hadde funne spor etter tidlegare sivilisasjonar, dersom slike hadde eksistert. I staden for å leita etter sivilisasjonar i det ytre rom hadde vi kanskje hatt betre sjansar for å finna dei på vår eigen planet, der vi jo veit at forholda ligg til rette for å oppretthalda liv. Kvar skulle vi ha leita? Kanskje i marine sediment, der levningar av dei majestetiske skipa deira kunne ha blitt bevart. I gamle hydrokarbonreservoar kunne vi kanskje funne restar etter boreanlegga deira. Eller kanskje sjansane ville vera endå større (som fysikaren Galen Gisler foreslo for meg) på månen eller på Mars, der landingsfartøya deira ville verta bevarte i millionar av år.

At evolusjonen er ein progressiv prosess, er det få biologar som vil hevda lenger. Vi reknar ikkje lenger mennesket for å vera kruna på skaparverket. Evolusjonen er ikkje ein prosess som har hatt til hensikt å bringa fram oss som sluttprodukt. Så kvifor skal vi då tru at noko liknande ikkje har skjedd tidlegare? Å hevda at vi er den einaste intelligente arta gjennom tidene har den same filosofiske vekta som å hevda at vi er den einaste intelligente arta i universet. Det er uvitenskapeleg.

Men vent, seier du kanskje. Kanskje ville vi ikkje finna bygningar eller skjelett etter dei sjølve, men dei må nødvendigvis ha hatt evolusjonære forløparar som vi ville finne fossil av? Å neidå. Tenk på kor få primatfossil som finst, berre nokre fragment her og der. Om nye femti millionar år vil dei geologiske prosessene praktisk talt ha utsletta dei.

Her er eitt mulig scenario blant mange: i perm levde ein synapside som vert kalla Suminia. Illustrasjonen viser den saman med primaten Ida (Darwinius masillae) fra eocen. Kven er kven? Etter femti millionar år har slektningar av Ida utvikla seg til oss. Gje Suminia femti millionar år, og vi er i sein trias. Kunne ho på den tida ha utvikla seg til noko som likna på oss? Ja. Ville vi ha funne bevis for dette blant fossila? Sannsynlegvis ikkje.

Tenk over det. Men ikkje sitér meg på det.

Til venstre: Darwinius (primat frå eocen, gjengitt av Jørn Hurum etter Franzen et al. 2009). Til høgre: Suminia (synapside frå perm, etter Fröbisch og Reisz 2009). Til venstre: Darwinius (primat frå eocen, gjengitt av Jørn Hurum etter Franzen et al. 2009). Til høgre: Suminia (synapside frå perm, etter Fröbisch og Reisz 2009).

Tema