Gjennom dei fem omvende traktene

Denne våren har mange kost seg med å bli skremt av Den sjette utryddelsen av Elizabeth Kolbert. Det er all grunn til å ta det ho skriv på alvor. Men samstundes syner tittelen hennar at det har vore helvete på jord tidlegare.

Livet har gått gjennom mange større og mindre utrenskingar. Fem av desse har sidan 1982 vore rekna som dei fem store, men det har vore mange mindre masseutdøyingar òg. Det er ikkje eingong sikkert at dei «fem store» er dei fem største.

No er det jo slik at normaltilstanden for ein art er å vera utdøydd. At artar oppstår og forsvinn er ein lovmessig konsekvens av evolusjonen. Nokre artar utviklar seg til nye artar, slik Homo sapiens har erstatta artane vi har utvikla oss frå. Andre artar og grupper har vist seg å vera evolusjonære blindspor. Dei har bukka under for endringar i det miljøet dei hadde tilpassa seg. Dei kan ha blitt utkonkurrert av nye artar, eller ikkje klart å tilpassa seg gradvise endringar i det fysiske miljøet.

Men ved det som vert kalla masseutdøyingar, endrar miljøet seg så hurtig at svært mange artar ikkje klarar å tilpassa seg og vert borte. Den mest kjende masseutryddinga er utdøyinga som skjedde mellom kritt og paleogen (og som derfor vert kalla kritt-paleogen-utdøyinga) for 66 millionar år sidan, og mange veit at ein meteor som slo ned utanfor Mexico var ei av årsakene til at dinosaurane døydde ut.

Eit meteornedslag høyrest jo hurtig nok ut det, men det var jo ikkje slik at når meteoritten slo ned, fekk alle dinosaurane kvar sin bit av den i knollen og strauk med. Sjølv om meteoritten hadde god hjelp av ein serie samtidige vulkanutbrot i India til å fylla atmosfæren med støv og oske, reknar vi med at utdøyingsperioden varte rundt 1 million år.

Når kritt/paleogen-utdøyinga er den hurtigaste av dei fem store, skjønar vi at dette med masseutdøyingar er seige greier. Men så er det svære ting på gang òg. Dystre spådomar seier at ved midten av dette århundret kjem halvparten av artane på jorda til å vera utrydda, dei fleste som fylgje av menneskeleg aktivitet. Likevel har vi endå eit stykke att før vi karrar oss inn blant topp fem. Dette er tabelltoppen så langt vi kjenner den i dag, rangert etter omfang:

1. Perm-trias: 96 % av alle artar i havet, 70 % av landlevande arter
Tidspunkt: ca. 252 mill. år sidan
Varigheit: usikkert
Årsak: vulkanutbrot, klimaforverring
Farvel til: sjøskorpionar, trilobittar, pigghaiar, blastoidar, det meste faktisk

2. Ordovicium-silur: 85 %
Tidspunkt: ca. 440 mill. år sidan
Varigheit: 10 mill. år
Årsak: endring i havnivå og istid
Farvel til: rundt 100 havlevande familiar

3. Slutten av devon: 82 %
Tidspunkt: ca. 365 mill. år sidan
Varigheit: 3 mill. år
Årsak: kaldare klima og oksygenfattig hav
Farvel til: mange fiskeartar, korallar, trilobittar og armføtingar

4. Slutten av trias: 76 %
Tidspunkt: ca. 210 mill. år sidan
Varigheit: 3–4 mill. år
Årsak: vulkanutbrot og global oppvarming
Farvel til: conodontar, mange landlevande artar som gav plass til dinosaurane

4. Kritt-paleogen: 76 %
Tidspunkt: 66 mill. år sidan
Varigheit: 1 mill. år
Årsak: meteoritt og vulkanutbrot
Farvel til: alle dinosaurar som ikkje kunne fly

Det høyrest jo veldig trist og leit ut med alle desse artane som berre forsvinn, og på ein måte er det jo det. Når dei fyrst er borte, er dei borte for evig og alltid.

Men kvar av masseutdøyingane er som ei omvend trakt, der dei artane som klarar seg gjennom nålauget, vert opphav til ei mengd nye artar som kan breia seg utover kloden. Dei fyrste millionane år etter ei utrydding er det ganske ville evolusjonære tilstandar, livet kjem ut på den andre sida av katastrofen som ein full mann på sykkel.

Nokre artar og grupper er raskt ute med å tilpassa seg, og kan verta dominerande over kortare eller lengre periodar. Men etter kvart kan dei oppleva å bli pressa ut av artar som brukar lengre tid på å tilpassa seg, men som gjer det betre. Nye katastrofar, nye muligheiter, med andre ord. Og det skal vi vera kisteglade for.

Som kjent har vi alle ei ubroten rekkje av forgjengarar heilt tilbake til livet oppstod, og vi stammar dermed frå artar som kom seg gjennom alle dei fem store og ei mengd mindre små utdøyingar. Dermed kan vi ordna masseutdøyingane kronologisk på ein meir positiv måte, ved å peika ut kven vi kan takka for at det er vi som er her i dag og ikkje trilobittane:

Ordovicium-silur: fiskane som firbeinte virveldyr (tetrapodane) stamma frå

Slutten av devon: fortsatt fisk, men nokre av dei har begynt å få bryst- og bukfinner som likna på lemer, og kunne kanskje kravla seg opp på land

Perm-trias: cynodontane, ei landlevande gruppe pattedyrlignende reptil som var oppstått relativt kort tid før masseutdøyinga

Slutten av trias: cynodontane vart kraftig redusert av utdøyingane, men vi og alle andre pattedyr stammar frå dei få små som klarte seg

Kritt-paleogen: små spissmusliknande pattedyr som ikkje nølte med å utvikla seg til ei lang rekkje artar som kunne fylla dei ledige nisjene som dei landlevande dinosaurane etterlot seg

Så hurra for masseutdøyingar og dei fem omvende traktene, utan dei ville ikkje vi vore her!

Gjennom dei fem omvende traktene Rim Tusvik/Naturfagsenteret

Klikk her for større versjon av bildet

 

The history of life is a story of massive removal followed by differentiation within a few surviving stocks, not the conventional tale of steadily increasing excellence, complexity, and diversity.

Stephen Jay Gould

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 2
    • Evolusjon
      • gjere greie for grunntrekka i evolusjonsteorien og kva slag kunnskap han byggjer på

Tema