Hopp til hovedinnhold

Av jord er du komen…

Kva skjer eigentleg med kroppen vår når vi døyr? Stemmer det at vi skal bli til jord, slik gravferdsliturgien seier?

Maren i myra. Maren i myra. Foto: Håkon Bergseth / Norsk Teknisk Museum

...til jord skal du bli

Når vi døyr, startar ein nedbrytingsprosess. Kor fort denne prosessen skjer er avhengig av mange ytre faktorar.

Forholdsvis raskt blir den døde kroppen stiv. Dødsstivleik (rigor mortis) skjer to til seks timar etter døden. Proteina i musklane får ikkje lenger energi til å koblast frå kvarandre. I live vil desse proteina vekselvis koblast saman og koblast frå kvarandre, som åretak, når muskelen trekker seg saman. Dødsstivleiken held seg i eitt til to døgn. Etter dette går cellene i oppløysing (autolyse).

Både rigor mortis og autolyse skjer på grunn av mangel på oksygen. Ein kropp som ikkje lenger får tilgang på oksygen, vil vere eit gunstig miljø for mange bakteriar. Bakteriar i tarmen vil starte å bryte ned tarmen. Tarm, hjerte og hjerne vil bli raskare brote ned enn bindevev og skjelett, fordi det er fleire bakteriar og enzym i desse organa.

Når næringsstoff blir brote ned, vil det blant anna bli danna svovelhaldige, illeluktande gassar. Gassane gjer at kroppen svulmar opp, og i vatn vil kroppen derfor flyte opp.

Etter kvart vil også bakteriar frå omgivnadene løyse opp kroppen. Sopp og planterøter er også med på denne nedbrytinga. Nitrogen i kroppen vil vere gjødsel for plantene. Når politiet søker etter eit drapsoffer, kan eit kjenneteikn vere at det er frodig plantevekst i eit elles nitrogenfattig område.

Kor lang tid det tar før kroppen er heilt omdanna, vil variere med jordsmonnet og miljøet rundt. I tørr og porøs jord vil kroppen brytast raskare ned enn i for eksempel leire. Auka temperatur vil korte ned prosessen. I Noreg kan graver vanlegvis opnast etter 15–20 år.

...til jord skal du bli – vi må berre kalke grava di først

Men 450 000 av dei som blei gravlagde i Noreg for 40–50 år sidan, har enno ikkje blitt til jord. Dei døde blei i denne perioden lagde i plast, og gravlagde i leirjord. Plast var ein relativt ny oppfinning, og ein trudde det var meir hygienisk å legge lika i det nye stoffet. Men nedbrytinga har enno ikkje starta. Lika har ikkje blitt til jord, og gravene er freda. I heile landet er det mangel på gravplassar, og dette er eit av problema.

I Oslo kommune har ein prøvd ein metode for å få fart i rotninga: store maskinar fører uleska kalk, eller kalsiumoksid, ned i gravene. Dette er eit etsande stoff, men det er usemje om det fungerer bra nok. Metoden vekker i alle fall oppsikt – sjølv The Wall Street Journal, USAs største avis, har publisert ein artikkel om prosjektet med den Shakespeare-inspirerte tittelen «Grave Problem: Nothing is Rotting in the State of Norway».

Skjermdump frå NRK om kalking av graver. http://www.nrk.no/ostlandssendingen/tusener-av-lik-har-ikke-ratnet-1.12054062 Skjermdump frå NRK om kalking av graver. http://www.nrk.no/ostlandssendingen/tusener-av-lik-har-ikke-ratnet-1.12054062

…til frysetørka, næringsrikt pulver skal du bli

Dei fleste har ikkje lyst til å tenke på at dei skal døy ein dag, men vi har vel alle lurt på korleis det blir etter at vi døyr. Fleire og fleire tenker at dei gjerne vil komme raskt inn i naturens kretsløp. I Sverige er det allereie ti personer som har lege nedfryst i ti år for å få lov til å bli jordfesta «økologisk».

I ei såkalla økologisk jordfesting blir kroppen frysetørka i flytande nitrogen med ein temperatur på minus 196 grader Celcius, deretter blir restane til pulver ved hjelp av ein spesiell lydvibrasjon. I eit vakuumkammer blir den siste resta av vatn fjerna frå pulveret, og ein sit igjen med eit miljøvenleg tørt pulver. Alle gjenstandar av metall ein måtte ha i kroppen blir òg fjerna. Det lett nedbrytbare pulveret blir lagt i ei lita nedbrytbar kiste i det øvste jordlaget – ikkje «six feet under» kor det er lite oksygen og lite liv som kan hjelpe til med nedbrytinga.

...til mumie skal du bli

Naturlege mumiar blir danna når lik har hamna i eit miljø der kroppen ikkje blir brote ned. Det kan vere i ein isbre, ei myr eller ein salt- eller natronhaldig sjø. Her kan du lese om nokre av dei mest kjente:

Ötzi «The Iceman» er ein ismumie. Han døydde for 5300 år sidan. Ettersom han fraus raskt til is der han døydde, rakk ikkje kroppen hans å bli til jord. Kroppen er så godt bevart at ein til og med kan sjå tatoveringane hans framleis – ikkje mindre enn 61 stykke. Tatoveringane var neppe til pynt – dei var plassert på stader der det også var teikn til at han hadde skada seg. (Å ripe og tatovere i huda på stader der ein har vondt er framleis vanleg i mange kulturar.) Og no har han sjølv blitt ein eigen tatovering, mellom anna på kroppen til skodespelaren Brad Pitt…

Kva har Brad Pitt med Ötzi å gjere? Eit Google-bildesøk på Ötzi viser Brad Pitt som har Ötzi tatovert på armen. Kva har Brad Pitt med Ötzi å gjere? Eit Google-bildesøk på Ötzi viser Brad Pitt som har Ötzi tatovert på armen.

«Maren i myra» levde på midten av 1800-talet under ein koleraepidemi i Oslo, og på den tida blei lika gravne ned i myraktig jord djupt i bakken under grunnvasspegelen på grunn av smittefaren. I Oslo var grunnvatnet basisk på grunn av kalkstein i grunnen. Dermed blei fettvevet i lika omdanna til såpe i staden for å rotne. Desse lika blei funne på starten av 1900-talet, som fettklumpar forma som menneske med skjelettet intakt. Maren i myra er utstilt på Teknisk museum.

Frå Lake Natron i Tanzania der døde dyr blir til mumiar. Les meir på www.nrk.no/viten/innsjoen-som-gjor-dyr-til-stein-1.11283312 Frå Lake Natron i Tanzania der døde dyr blir til mumiar. Les meir på www.nrk.no/viten/innsjoen-som-gjor-dyr-til-stein-1.11283312 Foto: Marc Veraart Lake Natron i Tanzania er ein innsjø med sterkt alkalisk og etsande vatn, og det er lite anna enn bakteriar, alger og eit par svært hardføre fiskeartar som kan overleve der. Andre dyr som fell i vatnet rotnar ikkje, men blir bevart som uhyggelege mumiar. Orsaken er det høge innhaldet av natriumbikarbonat – eller natron.

Ordet natron kjem frå dalen Wadi el Natrun (Natrondalen) i Egypt – og her visste dei tidleg om dei bevarande eigenskapane til stoffet. 3000 år før vår tidsrekning blei døde faraoar behandla slik at dei ikkje skulle bli til jord.

Tutankhamon var ein farao som regjerte i det gamle Egypt 1334–24 fvt. Han høyrer til kategorien kunstige mumiar. Kunstige mumiar har blitt behandla av menneske for at dei ikkje skal rotne. Dei viktigaste lika blei balsamerte, men andre kunne mumifiserast ved å bli dekka med natron. Natron tørkar fukta ut av kroppen, og det lagar også eit miljø som sopp og bakteriar ikkje kan vekse i. Dermed rotnar ikkje kroppen. Dei som ikkje hadde råd til det dyre natronet, måtte bruke vanleg koksalt (natriumklorid) i staden for natron, og mumiane heldt seg ikkje like godt.

...til fossil skal du bli

Kva skal til for at du skal kunne bli til eit fossil? Lene Liebe Delsett gir deg oppskriften i artikkelen om fiskeøgler på Svalbard.

Av jord er du komen...

Men stemmer det eigentleg at det levande livet på jorda er komen av jord? Les artikkelen til Jørn Hurum for å finne det ut.