Hopp til hovedinnhold

Kvifor heiter jorda vår «jorda»?

Det er mest vatn og stein på jorda. Så kvifor heiter ho «jorda»?

Tanken om ei modergudinne, ei Moder Jord, kan vere over 24 000 år gamal. Det er lett å forstå at eit frø som veks i fruktbar jord kan bli samanlikna med eit barn som veks i ei fruktbar kvinne.

Denne figuren blei laga for over 24 000 år sidan. Figuren blei funne i Austerrike, og forskarar trur den var bilete på ei fruktbarheitsgudinne. Denne figuren blei laga for over 24 000 år sidan. Figuren blei funne i Austerrike, og forskarar trur den var bilete på ei fruktbarheitsgudinne. Foto: Matthias Kabel Både vikingane, romarane, dei gamle egyptarane og dei gamle grekarane hadde ei gudinne for fruktbarheit. Det var ho som fødte planeten vår og gjorde slik at det kunne vekse mat her. Og det er denne gudinna som har gitt namnet til planeten vår. Romarane kalla denne gudinna for Tellus eller Terra. I dag er Tellus det vitskapelege namnet på planeten vår, medan terra/terre er ordet for både jord og jorda på dei latinske språka i dag. Det greske ordet for jord er ge, og i det gamle Hellas heitte gudinna Gaia. Gaia fødte ikkje berre jordkloden vår, men også alt i heile universet. I egyptisk mytologi var fruktbarheitsguden mannleg, og heitte Geb. Dei gamle egyptarane trudde at når det var jordskjelv, var det fordi Geb lo, og det var han som bestemte om plantane fekk vekse eller ikkje.

Og sjølvsagt hadde også vikingane ei fruktbarheitsgudinne: Det norrøne namnet hennar var – ikkje overraskande – Jord (Jorð). Jord fekk sonen Tor saman med Odin.

Slik fekk planeten vår namn etter noko så daglegdags og så livsviktig som jorda vi trør på kvar dag, sjølv når ho ligg under asfalten.