Hopp til hovedinnhold

Introduksjon til opplegget

Vi anbefaler at elevane har gjennomført Klimaendringar og Cella som system før dette opplegget. 

Overordna læringsmål

Elevane skal kunne

  • bruke kunnskap om karbonkrinsløpet, forbrenningsreaksjonar og massebevaring til å foreslå og vurdere tiltak for å redusere mengda karbondioksid i atmosfæren

Praktisk informasjon

Førebuing og utstyr

I kvar enkelt økt får du oversikt over det du treng i økta, under Førebuing og utstyr.

Elevark. Du finn elevark som skal skrivast ut og delast ut til elevane, som pdf- og Word-filer.

PowerPoint. Til opplegget er det laga ein PowerPoint-presentasjon som du kan velje om du vil bruke. Den samla presentasjonen for alle øktene finn du under førebuing og utstyr i kvar økt. Presentasjonen viser bilde og annan informasjon, og er i tillegg meint som ei støtte for at du skal kunne frigjere deg meir.

Førebuing og utstyr til økt 1, økt 2, økt 3, økt 4, økt 5 og økt 6.

Gjennomføring

Den omfattande lærarrettleiinga gir trinn-for-trinn-instruksjonar og eksempel for korleis både grunnleggande ferdigheiter og naturfag blir integrert i undervisninga, på måtar som møter dei ulike behova elevane dine har.

I lærarrettleiinga vil det ofte stå kva du kan seie eller spørre om med farga bakgrunn, og potensielle svar fra elevane står i [klammeform]. Eksempel: 

Si: Kvifor er vindusruter laga av glas? [Det er gjennomsiktig, slik at lys slepp inn, men varme slepp ikkje ut.]

Dette er meint som ei rettleing til kva du kan seie for å få fram viktige poeng. Svara til elevane i klammer er også rettleiande, det er fint dersom elevane kjem innom dette svaret undervegs i diskusjonen, men det er ikkje det einaste riktige svaret. Du er sjølvsagt fri til å endre og tilpasse til undervisning di og til elevane dine.

Omgrep. Omgrepa som det blir lagd ekstra vekt på, er utheva i høgremargen for kvar økt. Forklaringa på kvart omgrep kjem opp når du klikkar på omgrepet.

 

Didaktiske prinsipp

Djupnelæring

Ved å la elevene utvikle forståing av sentrale element og samanhenger innanfor naturfag, lærer dei å bruke faglege kunnskapar og ferdigheiter i kjente og ukjente samanhenger individuelt og i samspel med andre. For å oppnå djupnelæring bør opplegget gå over ei viss tid, slik at elevane får tid til å gå inn i eit tema. 

Motivasjon og tilpassing

Oppdraget i opplegget går ut på å gi innspel til kva Noreg skal gjere for å møte klimautfordringane gjennom å redusere mengda karbondioksid i atmosfæren. Mange elevar er engasjerte i klimasaka, slik at dette vil vere motiverande for å lære om krinsløpet til karbon. Samarbeid vil også skape motivasjon, og det at elevane sjølve kan velje tiltak.

Relevans og bruk

Oppdraget er knytt til klima, som er noko alle elevane har eit forhold til og som vil påverke framtida deira.

Utforskande arbeidsmåtar

Utforskande aktivitetar er gjennomgåande i heile opplegget. I dette temaet er det først og fremst leseaktivitetar som er aktuelle, der elevane undersøker og finn ut noko ved hjelp av tekstar. Det blir lagt vekt på at elevane sjølve skal få tid til å tenke og finne ut kva dei meiner.

Språk og kommunikasjon

Det er god variasjon mellom å lese, skrive og snakke gjennom heile opplegget. Elevane lærer sentrale fagomgrep som dei brukar på ulike måtar, og dei skal til slutt formidle forslaget sitt og argumentere for dette.

Progresjon og vurdering

Alle dei sentrale omgrepa i opplegget er synlege i alle øktene, men dei omgrepa som det blir jobba mest med i den enkelte økta er utheva. Det er viktig at du arbeider bevisst med omgrepa gjennom øktene, slik at du brukar omgrepa riktig og gjentar dei der det fell naturleg. Gjennom opplegget møter elevane omgrepa fleire gongar, og dei må bli utfordra til å bruke omgrepa sjølve på ulike måtar. Det blir ein progresjon gjennom opplegget der omgrepssapparatet blir utvida og dei sjølve klarar å bruke dei riktige omgrepa.

Omgrepa massebevaring, forbrenningsreaksjon og krinsløp er sentrale i opplegget saman med omgrep som handlar om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar.

Læringsmåla til kvar økt viser kva elevane skal sitte igjen med etter den enkelte økta. Måla er knytte til både naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar og andre kjerneelement. Energi og materie og jorda og livet på jorda står begge sentralt i opplegget.

Ver bevisst på korleis du gjennom økta kan sjå kva elevane har lært. Mange av aktivitetane er gode utgangspunkt for undervegsvurdering. Gjennom ei diskusjonsoppgåve eller ei skriveoppgåve kan du få innblikk i kva elevane kan og forstår. 

 

Naturvitskapelege praksisar og tenkemåtar

Lage forklaringar

Å lage ei forklaring i naturfag inneber å kople eigne observasjonar til etablert naturvitskapeleg kunnskap for å finne svar på spørsmål som er stilt. I dette opplegget skal elevane forklare korleis det raske og det langsame karbonkrinsløpet heng saman. I ein animasjonsmodell observerer dei korleis karbon flyttar seg rundt i ulike krinsløp.

Gjennom opplegget øver elevane på å

  • kople eigne observasjonar til si forståing av naturvitskapeleg kunnskap for å svare på korleis det raske og det langsame karbonkrinsløpet heng saman

Argumentere

Å argumentere i naturfag inneber å framsetje påstandar som blir grunngitte med evidens. Det handlar også om å forsvare eigne resonnement og evidens og kritisere eller støtte andre sine, noko som er sentralt innanfor kritisk tenking. I dette opplegget skal elevane argumentere for tiltaket dei har valt for å stabilisere eller redusere mengda karbondioksid i atmosfæren.

Gjennom opplegget øver elevane på å

  • identifisere og velje ut relevant faktakunnskap som kan bli brukt som evidens for sitt tiltak
  • føreslå tiltak og grunngi dei med naturvitskapeleg kunnskap
  • vurdere argument ut frå ulike perspektiv i tillegg til naturvitskap, for eksempel økonomi og etiske omsyn

Formidle

Å formidle i naturfag inneber å dele eiget arbeid, inkludert eigne data og resultat og korleis ein har komme fram til desse. I dette opplegget skal elevane formidle tiltaket sitt gjennom ein eigna kanal for å nå politikarar.

Gjennom opplegget øver elevane på å

  • svare på spørsmålet om kva for tiltak Noreg bør satse på
  • presentere tiltaket på ein oversiktleg og samanhengande måte
  • velje eigna presentasjonsform for å nå politikarar
  • bruke fagleg presist språk som er tilpassa målgruppa