Om naturfag.no

naturfag.no har som mål å vere ein viktig ressursstad for lærarar i naturfag og å skape interesse og entusiasme for metodisk fornying, blant anna gjennom meir aktivitetsbasert undervisning med fokus på læring. Dette er nettstaden som naturfaglærarar berre må innom minst ein gong i veka!

Målgruppene for nettstaden er førskulelærarar og lærarar i grunnskule, lærarar i vidaregåande skule og lærarutdannarar som underviser i naturfag.

naturfag.no skal prøve å dekkje bredda i naturfagundervisninga og kvardagen til lærarane. Her finn du blant anna undervisningsopplegg, forsøk, animasjonar, læreplanar, nyheiter, tips om nyttige kurs og konferansar, metodiske artiklar, nettstadomtalar og informasjon om utstyr og sikkerheiten ved laboratoriearbeid.

Nettstaden skal vere ei hjelp til å finne fram til ressursar som held fagleg og pedagogisk mål. På naturfag.no er ressursane søkbare etter stofftype og kompetansemål i læreplanen.

Nettstaden er under kontinuerleg utvikling, og vi er avhengige av innspel frå dykk brukarar. Dersom du har forslag og idéar til innhaldselement, er vi takksame for å få dette tilsendt på epost.

 

naturfag.no logo uten tekst

naturfag.no er ei teneste frå Naturfagsenteret.

Ansvarlig redaktør: Merethe Frøyland, leiar ved Naturfagsenteret

 

Kontakt oss:

post@naturfag.no

Postadresse: Naturfagsenteret, Pb. 1106 Blindern, 0317 Oslo

Tlf: 22 85 72 46