Naturfag 2/21: Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter

Frå leiaren

Dette er det femte nummeret i serien vår om fagfornyinga 2020. Første nummer i serien handla om kva god naturfagundervisning er, med utgangspunkt i djupnelæring og progresjon som er dei overordna omgrepa i fagfornyinga. Dei neste numra tar for seg kjerneelementa i naturfag. Først ut var energi og materie, deretter kropp og helse, så kom jorda og livet på jorda, og nå er det naturvitskapelege praksisar og tenkemåtar som står for tur.

Vi startar med å diskutere kva som meinast med praksisar og tenkemåtar (frå nå av kalla praksisar). Læreplanen har ikkje konkretisert desse. Derfor har vi med utgangspunkt i forskingslitteraturen valt ut åtte praksisar som vi meiner er sentrale for naturfagundervisninga. Det er ikkje meininga at alle praksisane skal bli tekne i bruk heile tida, men praksisane kan fungere som verktøy for læraren til å aktivisere og involvere elevane i undervisninga på ein varierande og engasjerande måte. Derfor meiner vi at ein eller fleire av praksisane bør inngå i alle undervisningstimane i naturfag.

For å legge til rette for utforskande naturfagundervisning er det minst tre av praksisane som inngår: formulere spørsmål, samle og arbeide med data og lage forklaringar. Mens praksisane utføre informasjonssøk og kjeldekritikk, gjere etiske vurderingar og argumentere er tett knytte til kritisk tenking.

I dette nummeret ønsker vi å beskrive dei åtte praksisane så konkret og praktisk som mogleg, derfor har vi gitt kvar praksis fleire sider. Men for å unngå misforståing om at vi berre brukar éin praksis om gongen har vi beskrive eit eksempel i starten der fleire av praksisane inngår i same opplegg, nemleg meitemarkkassa og nedbryting.

Resten av nummeret tar for seg ein praksis om gongen. Vi har beskrive veldig kort kva praksisen går ut på og lista opp kjenneteikn på djupnelæring knytte til praksisen som kan observerast hos elevane. Deretter tar vi for oss fleire eksempel frå blant anna naturfag.no og viten.no der praksisen inngår. Ofte inngår det fleire praksisar saman.

For oss var listene med kjenneteikna på djupnelæring veldig bevisstgjerande da vi beskreiv eksempla. Det førte nokre gonger til at vi måtte gå tilbake og gjere endringar i eksempla slik at praksisen blei tydlegare for eleven.

Gjennom denne samlinga av artiklar håper eg at du som lesar blir inspirert til å ta i bruk praksisar og tenkemåtar i naturfagundervisninga slik at elevane våre opplever ei variert og aktiviserande undervisning, der deira snakk og gjeringar er i fokus.

Innhaldsliste

Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter – en introduksjon
Meitemarkkasse og nedbryting

FORMULERE SPØRSMÅL
Hvordan er været på hjemstedet mitt?
Spørsmål som drivkraft

SAMLE OG BEARBEIDE DATA
Bruk av steinatlas
Kartlegge naturmangfold
Hvor flytende er ulike matoljer?

LAGE FORKLARINGER
Naturfaglig forklaring om magneter
Korleis kan vi forklare om noko er levande eller ikkje?

BRUKE OG LAGE MODELLER
Lage ein eteleg modell av ei celle
Fysisk modell av smittekjede
Virus, vaksine og modeller

UTFØRE INFORMASJONSSØK OG KILDEKRITIKK
Informasjonssøk om fugler og vindmøller
Kjeldekritikk, fuglar og vindmøller

ARGUMENTERE
Argumentere for bærekraftig kosthold
Argumentasjon om kva lys er
Argumentasjon knytt til eit berekraftdilemma

GJØRE ETISKE VURDERINGER
Gentesting og etikk
Vurdere tiltak mot resistente bakteriar

FORMIDLE
Når formidlingen blir målet
Lage en brosjyre
Hvordan kreditere kilder korrekt og samvittighetsfullt

Naturfag 2/21: Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter

Utgiver: Naturfagsenteret
Språk: Norsk (bokmål og nynorsk)
Utgivelsesår: 2021
Naturfag 2/21: Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter