Forsøk og praktisk arbeid

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Ord om jord og jord i ord

I dag er jord eit viktig omgrep som vi bruker i ulike samanhengar i språket vårt. Vi kan vere «heilt på jordet» eller «ha beina godt planta på jorda». Ei tverrfagleg vinkling til temaet med dikt og sitat kan gje god grobunn for å vekke kjensler og gje motivasjon for læring om jord.

Raude, jernhaldige røter i Amazonas. Raude, jernhaldige røter i Amazonas. Foto: Aud Ragnhild Skår

Jord i ord og uttrykk

I oppstarten av undervisning om jord er det viktig å aktivere forkunnskapane til elevane og engasjere for vidare utforsking. Ein måte å gjere dette på er å kople til erfaringane til elevane. Ein innfallsvinkel kan derfor vere å sjå på ord og uttrykk som har med nettopp jord å gjere. Vi bruker desse kanskje utan at vi tenker over det, for eksempel i uttrykket «ha begge beina på jorda». Elevane kan kanskje komme på andre slike uttrykk eller ord. La elevane snakke saman i smågrupper der dei enten skal komme på eigne ord og uttrykk eller bruke ei liste som du gir dei (sjå ramme under).

Kvart ord eller uttrykk skriv dei på ein gul lapp. Lappane klistrar dei på eit stort, kvitt ark. Be elevane velje ei inndeling som dei sorterer orda og uttrykka etter. For eksempel kan dei skilje ord som har med røter å gjere, jord i overført tyding og konkrete objekt.

ord om jord 1

Sortering av omgrep som har med jord å gjere. Foto: Rim Tusvik Sortering av omgrep som har med jord å gjere. Foto: Rim Tusvik

Kva fortel uttrykka om kva jord er? Kva for eigenskapar kan vi seie at jord har? Uttrykk som «å ha beina planta på jorda», «å ha bakkekontakt» og «å vere jordnær» har til felles at jorda/bakken er knytt til noko fast, trygt og stabilt.

Illustrasjonsfoto: colourbox.com Illustrasjonsfoto: colourbox.com

I jorda finn vi røter, som igjen er opphav til uttrykk som «rota til alt vondt», «finne sine røter» og «å vere rotlaus». Røter er eit bilde på det som forankrar, slik som plantene forankrast i jorda. Jordas fruktbarheit blir spegla i uttrykk som «jordmor» og «Moder Jord». Og noko av markens grøde har jord i namnet sitt som jordeple (poteter), jordskokk og jordbær.

Jord i litteratur

Etter at elevane har arbeidd ei stund med jord som tema, kan eit dikt som (skjevt tre) vere ein fin lesetekst. Elevane kan streke under ord som har med jord å gjere; for eksempel treet, røtene, feste, skrinn jord, våt jord, gro. Kva tenker elevane at diktet handlar om? Dei kan tolke diktet både i konkret og i overført tyding.

Elevane kan òg få ei skriveoppgåve der dei skal skrive sine eigne dikt og tekstar om jord. Gje dei eitt eller fleire «jordord» som må vere med i diktet/teksten. Her må elevane bruke kreativitet og kunnskap for å skape sin eigen jord-tekst.

 

Tema