Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Smelting i luft og vatn

Mål for aktiviteten

Å forstå korfor is smeltar raskare i vatn enn i luft.

Framgangsmåte

Dei fleste av oss har erfaring med kor lang tid ein isbit brukar for å smelta i ein drink, men ikkje tida ein isbit brukar for å smelta i luft ved romtemperatur. Derfor bommar både vaksne og barn oftast kraftig på spørsmål a) nedanfor.

Kor lang tid trengs for å smelta ein isbit som:

a) ligg i ro på eit tørkepapir på bordet.
b) ligg i eit glas med vatn med same temperatur som i rommet.

Alle elevane skal tippa kor mange minuttar som dei trur vil gå med før kvar isbit har smelta. Deretter hentar læraren to like isbitar frå frysaren og legg dei samtidig på bordet og oppi vassglaset og elevane registrerar når forsøket startar. Isbiten i vatnet vil smelta etter nokre minuttar, mens isbiten som ligg på papiret kan bruka over ein og ein halv time før all is er smelta!

Korfor tar det så mykje lengre tid å smelta isbiten som ligg i lufta enn den som ligg i vatnet trass i at temperaturen i vatnet og i lufta er den same?

Faglig forklaring

For å smelta må isbiten få tilført energi. Det er partiklane i lufta og vatnet som her tilfører energi ved kollisjon med ispartiklane. I vatnet (væske) ligg partiklane mykje tettare og dermed kolliderer dei oftare med isbiten enn partiklane i lufta (gass) og dermed får isbiten i vatnet raskare tilført energi enn isbiten som ligg i luft.

Materialer og utstyr

  • To like isbitar
  • tørkepapir
  • eit glas med vatn med romtemperatur.