naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Passer for
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- kjemi 2
Tidsbruk
- 5 min
Pulver opp i flammar
Vekk oppmerksemda med ein flamme.
Læringsmål
- erfare at eit stoff brenn lettare med god tilgang på oksygengass
Legg ein liten haug med lykopodiumpulver i ei skål. Prøv å tenne på med ei fyrstikk.
Legg pulveret i handa. Sett ei brennande fyrstikk mellom peike- og langfinger. Kast pulveret opp i lufta mot fyrstikkflammen og sjå kva som skjer med pulveret. Det krev litt øving å få pulveret til å tenne.
Kvifor trur du det er lettare å tenne på pulveret når vi kastar det opp i lufta?
Faglig forklaring
Oksygengass er nødvendig i ein forbrenningsreaksjon. Dersom vi prøvar å tenne på pulveret når det ligg i ein haug i ei skål, vil det bare svi seg litt. Når pulveret blir kasta opp i lufta, spreier pulveret seg og får god tilgang på oksygengass og brenn derfor lettare.
Kommentarer/praktiske tips
Dette er ein lærardemonstrasjon som vekker motivasjon og undring. Men pass på at ikkje brannalarmen går.
Samanlikn gjerne med stålull som ganske lett tek fyr, i motsetning til ei stålplate. Og når vi fyrar opp eit bål, er det lurt å bruke små trefliser i staden for berre store kubbar.
Materialer og utstyr
- lykopodiumpulver (heksemel)
- fyrstikker