Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • kjemi 1
Tidsbruk
  • 5–15 min

Roke på glas

Fyll eit glas heilt med vatn. Kor mange kronestykke trur du at du no kan sleppe forsiktig ned i vatnet utan at det renn over?

Fyll eit glas heilt med vatn. Vatnet skal nå heilt opp til glaskanten heile vegen rundt. Tilpass slik at ingenting er skeivt, og fyll så i så mykje vatn du greier utan at det renn over. Da bular vatnet oppover frå glaskanten hele vegen rundt. Det er roke på vatnet.

Kor mange kronestykke trur du no at du kan sleppe forsiktig ned i vatnet utan at det renn over? Prøv og du vil bli forbausa.

Råke på glass

Faglig forklaring

Det er overflatespenninga i vasshinna som held vatnet på plass i glaset. Ei lita risting er nok til å øydelegge hinna, og då renn vatnet ut.

Det blir mindre ristingar i vasshinna når du slepper ned ei krone om gongen midt i glaset, enn når du prøver å helle vatn oppi glaset.

Kommentarer/praktiske tips

Vassdropar på feitta underlag dannar ofte ei slags pute som ein kan samanlikne med roken på glaset.

Materialer og utstyr

  • Glas
  • Vatn
  • Mange myntar