Hopp til hovedinnhold
Bok

Kvalitetskriterier for ESD-skoler

Kvalitetskriterier for ESD-skoler

Eit lite hefte for skular som vil arbeide med utdanning for berekraftig utvikling.

Kvalitetskriterier for ESD-skoler

Det er kanskje ikkje den mest spanande tittelen du har lest: ”Kvalitetskriterier for ESD-skoler”. Neppe det første heftet du grip til når du vil la deg inspirere til arbeid med viktige spørsmål på skulen. Men ta ein kikk likevel, kanskje er heftet akkurat det startpunktet som kan vere nyttig for din skule.

ESD er forkorting for utdanning for berekraftig utvikling” på engelsk: ”Education for Sustainable Development”. Heftet er skreve av folk som har arbeidd med miljølære i ulike land i over 20 år. Dei fokuserer både på den direkte undervisninga og læringspro-sessar, på skulen som organisasjon og på eksterne relasjonar.

Ordet kvalitetskriterier gir gjerne assosiasjonar i retning av eksterne evalueringar og ”kvalitetskontroll”. Det er ikkje meininga med dette heftet. Kriteriene som er meint som eit sett med felles verdiar som kan vere ei drivkraft for utviklinga internt på skulen. Og kvart av kriteriene er illustrert med konkrete eksempel frå ulike land. Desse små historiene frå undervisningskvardagen er eit godt utgangspunkt for å la tankane spinne vidare til arbeidet på eigen skule. Gi gjerne eit eksemplar til rektor også.

Nettressurser

(ensi.org)