Hopp til hovedinnhold
Bok

Leif Wedøe: Glimt fra eksperimentets historie

Glimt fra eksperimentets historie

Leif Wedøe er ein engasjert pensjonert fysiker som er opptatt av at fysikkfaget og vitskapen skal nå ut til folket. Wedøe har etter han blei pensjonist skrive to bøker om fysikken i daglegdagse fenomen, ”Hvorfor faller ikke skyene ned?” og ”Hvor fort går bølgene?”. No kjem ei ny bok frå Wedøe: ”Glimt fra eksperimentets historie”.

Glimt fra eksperimentets historie

Det er først og fremst sentrale eksperiment av eldre dato som er tatt med i boka, og kvart av dei er satt inn i den historiske samanhengen dei står i. Det faglege innhaldet blir forklart og kvifor desse eksperimenta var så avgjerande i si tid. Nokre av dei er så kompliserte at dei krev meir forklaring, og dei har tilleggsforklaring bak i boka. Alle eksperimenta er bygd på andre sin kunnskap, og det er alltid ein eller fleire personar som får ære for arbeidet. Det er ikkje alltid at æra blir gjeven til rett person, og dette aspektet er og tatt med saman med spennande opplysningar om dei vitebegjærlege forskarane. Det er eksperiment innan naturvitskapen som dominerer i boka, men fleire eksperiment innan psykologien er og med. I tillegg er det døme på språklege og økonomiske forsøk. Dei fleste eksperimenta spring ut i frå ein hypotese som ein ynskjer å testa ut, i tillegg til at dei er bygd på andre sine eksperiment. Det er fleire døme på det, bl.a. eksperimenta til Galilei, Santorini og eksperimentet som omhandlar åtferd til fangar og fangevaktarar dvs. ”The Stanford Prison Experiment”.

Det er fleire årsaker til at eit eksperiment blir kjent, og det er ikkje alltid like ærefullt. Wedøe har tatt med ”Verdens mest berømte mislykkede eksperiment”, pseudovitskap, som ga seg ut for å vera vitskap, og kald fusjon. Nokre eksperiment vart gjort på feil grunnlag, men dei har likevel treft borti noko. Eksperimentet ”Verden er liten” om nettverksbygging viser det. Ein sjeldan gong kan små tilfeldigheitar få store konsekvensar. Då gjeld det at personen som oppdagar det skjønar potensialet i det dei ser. Oppdaginga av penicillinet og radioaktiviteten er slike hendingar. Nokre eksperiment er ofte blitt omtalt i klasserom verda rundt, men dei har sannsynlegvis aldri blitt gjennomført. Etter alt sannsyn slepte ikkje Galilei to kuler frå det skeive tårnet i Pisa. Det kan ha vore eit tankeeksperiment frå undervisninga hans. Tankeeksperiment er kjent for dei fleste av oss, men dei har og ein solid plass i historia. Maxwell, Newton, Aspect og Einstein sine høyrer med til dei mest berømte.

Det siste eksperimentet som er tatt med er ikkje ringare enn ”Verdens vakreste eksperiment” kåra av tidsskriftet Physics World. Det er Youngs dobbeltspalteeksperiment med elektron, og ord som openbaring, enkelt og elegant blei brukt for å skildra det, sjå bilete til høgre.

Den gode historia er eit anerkjent didaktisk verkemiddel. Boka til Wedøe inneheld 36 gode historier som ein kan bruke til krydre undervisinga. Dei kan bidra til å vekke interessa for noko som for enkelte elevar er tørt og kjedeleg, og det kan bidra til å gjera faget meir spennande for både lærar og elev.