Hopp til hovedinnhold

Periodesystemet – eit skattkammer av historier

TV-seriar gjer det, romanforfattarar gjer det – og naturfaglærarar bør også gjere det: nytte gode historier for å fengsle publikum og bli hugsa.

Kongevatn. Foto: Thejohnnler / Wikimedia Commons Kongevatn. Foto: Thejohnnler / Wikimedia Commons

I april 1940 var fysikaren Niels Bohr i ei alvorleg knipe. Tyskarane var på veg inn i København, og Bohr hadde to nobelmedaljar i gull som han hadde tatt vare på for to tyske vitskapskollegaer, Max vonLaue og James Franck. Det var ulovleg å ta gull ut av Tyskland,og namnet på dei to vitskapsmennene var gravert inn i nobelmedaljane, så von Laue og Franck kunne få store problem dersommedaljane vart funne. Bohr måtte gøyme gullet, men kvar? Han diskuterte problemet med kollegaen George de Hevesey. Skulle dei prøve å grave ned medaljane? Nei, det kunne bli oppdaga. Til slutt kom Hevesey på ein genial idé som ingen ville gjennomskode. Dei skulle gøyme gullet rett framfor andletet på tyskarane.

Då nazistane tok over universitetet og ransaka Bohrs laboratoriumfann dei ingenting av interesse. Tyskarane brydde seg ikkje nokoom nokre flasker med grumsete brun væske som stod på hylla. Flaskene fekk stå i fred på laboratoriet gjennom heile krigen. Då krigen var over, sende Bohr den brune løysinga til det kongelege svenske vitskapsakademiet og forklarte at dette var gullmedaljane til von Laue og Franck. Dei hadde skjult gullet oppløyst i kongevatn, ei blanding av to delar salpetersyre og ein del saltsyre, den einaste blandinga som er i stand til å løyse opp gull. Gullet vart vunne att og støypt til nye medaljar med von Laue og Franck sine namn.

Samanlikn historia over med denne faktasetninga: Gull er eit edelt metall som ikkje reagerer med syrer, med unntak av ei blanding av 2 delar salpetersyre og 1 del saltsyre. Denne blandinga blir kalla kongevatn.

Kva hugsar du lettare, trur du?

Frå tusenvis av år med erfaring veit vi at det å fortelje historier er eit ypparleg verktøy for å fengsle tilhøyrarar og vidareformidle kunnskap frå menneske til menneske. Kven av oss er vel ikkje hekta på historieforteljing i form av TV-seriar? Noko forsking tyder på at forteljingar i naturfagundervising kan verke som døropnarar og få elevar til å stille faglege spørsmål som dei deretter kan bruke til å konstruere ny kunnskap.1 Derfor bør vi som underviser i naturfag kaste oss over vitskapsforteljingar og bruke dei i klasserommet. Periodesystemet er eit tema som er godt eigna for historieforteljing. Her finst det mykje materiale vi kan ta utgangspunkt i.

Historia om Bohr og gullmedaljane er berre ei av mange forteljingar om grunnstoff som er samla i boka Periodic tales: The Curious Lives of the Elements av Hugh Aldersey-Williams. Aldersey-Williams er ikkje åleine om å vere begeistra av periodesystemet. Vitskapshistorikarar, forfattarar og journalistar har latt seg fascinere av grunnstoffa og har fortalt historier om dei i bøker og radioprogram: Nevrologen Oliver Sacks har skrive ein biografi om sin kjemiske barndom i boka Onkel Wolfram. Minner fra en kjemisk barndom, Sam Kean har samla kuriøse historier om periodesystemet i boka The Disappearing Spoon, Eric Scerri har skrive A Tale of Seven Elements om sju sjeldne grunnstoff som vart isolert i åra mellom første og andre verdskrig, og radioprogrammet Radiolab har laga ein nydeleg episode om grunnstoffa litium, karbon og xenon akkompagnert av nyskrive grunnstoffmusikk og grunnstoffpoesi (www.radiolab.org/story/elements). For å teste ut potensialet for grunnstoffhistorier fekk ein klasse med førsteårs realfaglærarstudentar på grunnskulelærarutdanninga 1–7 på NTNU hausten 2016 i oppgåve å skrive ei forteljing om kvart sitt grunnstoff. Tekstane skulle vere baserte på verkelege hendingar. Historiene vart samla i eit hefte med til saman 33 tekstar, og i ei undervisingsøkt fortalde kvar student historia si vidare til to andre medstudentar. Forteljingane handla om alt frå korleis Therese Johaug sikra VM-gull med gallium som skismurning, via kvikksølvforgifta hattemakarar til ein argentinsk prest som forsvann til havs i eit forsøk på å fly med heliumballongar. I etterkant fortalde studentane at dei var positive til å bruke grunnstoff-forteljingar i eigen praksis som naturfaglærarar. Studentane grunngav det blant anna med at slike historier kan vekke interesse, gjere det lettare å hugse eit aktuelt grunnstoff, og at det kan gjere naturfag litt meir morosamt og spennande. TIMSS-studien frå 2015 viser at den indre motivasjonen hos norske elevar for å lære naturfag søkk frå barnetrinn til ungdomstrinn, og vi ligg under det internasjonale gjennomsnittet. Forklaringa er nok komplisert, og har inga lett løysing. Men kanskje kan forteljingar vere med på å auke motivasjonen for tema som til dømes periodesystemet. Spennande historier kan hjelpe fleire elevar til å oppdage gullet som er gøymt bak all faktakunnskapen i naturfag.

Fotnote

1 Klassen, S. (2009) The Construction and Analysis of a Science Story: A Proposed Methodology. Science and Education, 18, 401–423.


Naturfag 1/17 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 1/17. Utgåva har temaet "Kreativitet i naturfag".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.

Tema