Hopp til hovedinnhold

Naturfagundervisning bak murane – kreativitet og samspel

I to praksisperiodar som PPU-student har eg undervist ein naturfagklasse med åtte elevar ved Grønland voksenopplæring (GVO) i Oslo fengsel. Dei særeigne rammene for undervisninga gjer at ein som lærar må freiste å tenke nytt om korleis ein formidlar naturfaget og dets eigenart.

Oslo fengsel. Foto: Ustaoset / Wikimedia Commons Oslo fengsel. Foto: Ustaoset / Wikimedia Commons

I filmen De fem benspænd gir Lars von Trier fem utfordringar til sin ven, filmskaparen Jørgen Leth, der Leth må gjenskape ein av sine eigne filmar under svært stramme rammer definert av von Trier. Resultatet er fem sterke, kreative løysingar, som aldri ville vore skapt utan dei spesifikke rammene. Poenget i filmen er at det er når vi vert møtt med utfordringar at vi skapar nye løysingar.

Som lærarar i fengsel arbeider vi òg under strenge rammer. Det kjem sikkert ikkje som ei overrasking for nokon at det må være slik, men ikkje alle vil ha tenkt gjennom kva dette vil seie for undervisninga. Som lærar vil ein møte desse utfordringane på ulikt vis.

Elevar i fengsel har same rett til utdanning som befolkninga elles. Men tilhøva i fengselet har konsekvensar for korleis undervisninga kan gjennomførast. For det første er all undervisninga inneundervisning. For det andre finnast det ingen lab med bunsenbrennarar, skalpellar, hydrogenperoksid og avtrekksvifter. Det betyr at vi må nytte oss av det som vi kallar kjøkkenkjemi. Dette er enkle, men forhåpentlegvis illustrerande og engasjerande eksperiment som kan utførast med ufarlege gjenstandar og kjemikaliar. For det tredje er nett-tilgangen svært avgrensa, sjølv om alle våre elevar har tilgang til datamaskiner. Sensuren gjer at informasjonssøking og bruk av nettressursar som viten.no og ndla.no er svært vanskeleg. Desse rammene påverkar naturfagsundervisninga, då restriksjonane grip inn i dimensjonar i undervisninga som utgjer noko av naturfaget sin eigenart. Det vil mellom anna seie didaktiske grep som ekskursjonar, laboratorieforsøk, og informasjonssøking og kjeldekritikk. Dette blir våre beinspenn.

Både lærarar og elevar må tenkje nytt

Ein metode eg har freista å bruke for å kompensere for dei utfordringane vi møter i fengselsundervisninga har vore å involvere og ansvarleggjere elevane.

Ein nærliggande og konkret måte å inkludere elevane på er at dei bidreg med sine eigne kroppar. Vi kan ikkje gå ut i naturen for å utforske, men vi kan bruke den naturen vi sjølv tek med oss inn i klasseromma. Vi kan ved hjelp av våre eigne kroppar måle puls, temperatur og vekt, og gjere berekningar av inntak av næringsstoff og trening. Med utgangspunkt i eigne kroppar kan vi reflektere over tema som respirasjon, metabolisme, sjukdomar med meir. Vi kan og diskutere konsekvensar av korleis vi tenkjer om kropp og kjønn i samfunnet.

I våre klasserom, som i alle andre klasserom, finst det mykje kunnskap blant elevane. Mange er godt vaksne, og mange har erfaring frå arbeidslivet og god kjennskap til tema som ligg innanfor naturvitskaplege felt. Å ikkje ha tilgang til Wikipedia er eit sterkt insentiv til å nyttiggjere seg den kunnskapen som allereie finst i klassen. For å få utbytte av kunnskapen må ein gjere det tydeleg at kunnskapen som elevane sit med er ynskt, og ein må la han komme til uttrykk, både i uformelle og formelle situasjonar. Til dømes i plenumsdiskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og organiserte debattar. Likeins må ein ta elevane på alvor når dei stiller spørsmål, og ein må ta seg tid til å undre seg saman med elevane.

Samarbeidsundervisning er sentral for naturfagundervisninga av mange grunnar. Sidan alle naturfagelevane ved GVO går opp til munnleg eksamen, er det viktig å få øvd dei munnlege ferdigheitene. Det er tre grunnar til at eg er oppteken av samarbeid og munnlege ferdigheiter:

  1. Munnleg samarbeid gir høve til å øve på bruk av faguttrykk samt styrke sjølvtilliten når det kjem til å «snakke fag».
  2. Det er gjennom språket vi tenker, og øving i det naturfaglege språket legg til rette for ny innsikt i faget.
  3. Fokus på samspel kan styrke klassemiljøet. Meiningsutveksling, fagleg ueinigheit og høgttenking er styrker i eit naturfagklasserom, men er avhengig av at miljøet er inkluderande og opent for divergerande meiningar.

Basert på desse tre punkta gav eg elevane ei konkret oppgåve eg kallar omvend presentasjon. Alle elevane skulle forberede ein presentasjon for resten av klassa. Presentasjonane skulle være korte, og elevane hadde stor grad av fridom i korleis dei ville presentere. Alle presentasjonane var innan temaet stråling og radioaktivitet, og hensikta var å repetere stoffet vi hadde vore gjennom i timen. I forkant av presentasjonen vart alle elevane informerte om at fokuset ikkje var på eleven som til ei kvar tid presenterte, men dei som såg på.

Alle fekk beskjed om å sjå seg sjølv som lagkameratane til han som presenterte. Det betydde at når presentasjonen var ferdig kunne alle stille spørsmål, men spørsmåla skulle være med å hjelpe presentøren vidare, gi hint om noko han hadde gløymt å nemne eller på anna vis spore han på noko som kunne utfylle presentasjonen eller demonstrere kunnskapen i større djupn. Det var ikkje lov å stille spørsmål som var meint å sette presentøren fast, noko ein av og til kan sjå tendensar til i meir konkurransedrivne situasjonar.

Kreativitet og samarbeid i naturfag

Kreativitet og samarbeid er to dimensjonar som er uløyseleg knytt saman i naturfaget og er like viktige i forsking som i undervisning. Naturfagleg framgang er avhengig av kreativ tenking, og kreativitet oppstår ikkje i vakuum. Ikkje berre er fleire av dei alle største framskritta i moderne tid gjort i store forskingssamarbeid, men forskingsresultata vert etablerte, omdiskuterte og forhandla om i sosiale kontekstar.

Undervisninga i klasserommet bør reflektere denne verkelegheita, ikkje berre fordi det er ein effektiv modell for øving av munnlege ferdigheiter, bruk av fagutrykk og eksponering for ulike synspunkt, men òg fordi desse kategoriane illustrerer eit fundamentalt poeng i naturvitskapleg kunnskapsdanning. Dette gjeld elevar så vel som forskarar. Eg meiner dette er eit ålment poeng, men det har ein spesiell funksjon i konteksten fengselsundervisning. Sjølv om tilgangen til andre ressursar er innskrenka, er tilgangen på samspel og kreativitet per definisjon uendeleg.


Naturfag 1/17 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 1/17. Utgåva har temaet "Kreativitet i naturfag".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.