Kvardagen i bilete

Mobiltelefonen og sosiale medier kan med fordel nyttast i naturfagundervisning, til blant anna å utvikle kreativitet og evne til problemløysing hjå elevane.

Inneheld produktet palmeolje? Inneheld produktet palmeolje? Samfunnet i dag er vitne til ei aukande teknologisk utvikling. For at dagens elevar skal utvikle kompetansar for framtida, må også skulen oppdaterast for å halde tritt med denne utviklinga. I søket etter innovativ undervisning vert stadig nye digitale hjelpemiddel og metodar implementert i skulen. Inntrykket vårt er at elevane sin kvardagsteknologi, som mobiltelefon og sosiale medier, sjeldant vert nytta i undervisningssamanheng. Vi utforma eit undervisningsopplegg i temaet berekraftig utvikling, som inkluderte elevane sine mobiltelefonar og appen Snapchat, for å undersøke om det er mogleg å gjere nytte av elevane sin digitale ekspertise i skulen.

I denne artikkelen vil vi gjere greie for undervisningsopplegget samt dele nokre av elevane sine oppleving av det. Vi meiner funna våre viser at mobiltelefonen og sosiale medier med fordel kan nyttast i naturfagundervisning, for blant anna å utvikle kreativitet og evne til problemløysing hjå elevane.

Undervisningsopplegget

Vi utførte opplegget i to ulike vidaregåande 1.-klasser, ein i Oslo og ein i Finnmark. Elevane fekk i oppgåve å lage ein film om forbruket deira i kvardagen. Oppgåva var meint å dekke kompetansemålet frå tema berekraftig utvikling som seier at eleven skal kunne kartlegge eigne forbruksval og argumentere fagleg og etisk for eigne forbruksval som kan bidra til berekraftig forbruksmønster.

Elevane skulle bruke telefonane sine til å lage filmen i sjangeren MyStory og kartleggje eit døgns forbruk. I tillegg til filmen skulle elevane produsere ein kort tekst der dei formidla bodskapen med filmen sin samt vurderte forbruket i filmen. Opplegget varte i fem timar, og i siste time var det presentasjonar og visning av filmane i plenum, etterfulgt av ein diskusjon rundt forbruket dei dokumenterte.

Elevprodukta spegla av den lokale kulturen

Gjennom å samanlikne filmane frå Oslo og Finnmark såg vi at elevane hadde greidd å fange forbruk i sine lokale miljø. I Finnmark viste fleire av filmane at det manglande kollektivtilbodet tvinga dei til å bruke mindre miljøvennleg transport, medan i Oslo var det fleire som viste korleis dei nytta seg av T-bane og buss. Båe stadene var elevane likevel opptekne av mykje av dei same berekraftige tiltaka, som til dømes å kjeldesortere, ete mindre kjøtt, spare vatn og bruke mindre straum. Dette viser at lokalmiljøet speler ei viktig rolle, og filmane vil framstå ulikt avhengig av det lokale samfunnet. Samtidig inneheld filmane mange likskapar, og undervisningsopplegget verkar å vera gjennomførbart over heile landet.

Film som uttrykk

Dette biletet er henta frå eit av elevprodukta i Finnmark. Det raude krysset uttrykker at elevane meiner det ikkje er  miljøvenleg å køyre moped. Dette biletet er henta frå eit av elevprodukta i Finnmark. Det raude krysset uttrykker at elevane meiner det ikkje er miljøvenleg å køyre moped. Eit av måla med prosjektet var å opne for kreativitet hjå elevane. Samtlege grupper meinte filmen hadde gitt dei moglegheita til å vere kreative, sjølv om ikkje alle elevane var like glade i denne typen opne oppgåver. Elevane sa i intervjua at dei var opptekne av å lage underhaldande filmar, sidan dei skulle visast for klassen. Fleire nytta humor og musikk i filmane, og ga dei dermed eit personleg preg.

Dei aller fleste fann oppgåva spanande og engasjerande fordi det ga dei ei avveksling frå tradisjonell undervisning. Mange av gruppene ga uttrykk for at det å filme noko konkret frå deira eigne liv gjorde fagstoffet meir interessant og meir lærerikt. Dei meinte at dei hugsa opplevingane rundt filminga og filmane betre enn om dei berre las om forbruk. Ein elev sa: «Det er én ting å forklare det på papir, på en prøve, hva vi gjør som er negativt, men det er noe annet enn å vise det gjennom film. Det er mye morsommere og lærerikt synes jeg.»

Elevane meinte at det å skrive teksten var det mest kjedelege med oppgåva. Samtidig såg dei tekstskrivinga som ein naudsynt del av læringa fordi det tvinga dei til å reflektere over forbruket sitt.

Elevane som ekspertar

Vi utforma opplegget med ei tru på at elevane gjennom sin kvardagskultur var ekspertane på dei digitale ressursane, dei fekk derfor få instruksar for den tekniske utføringa. I samsvar med forventingane våre viste elevane stor grad av autonomi når det kom til å filme, redigere og eksportere produktet sitt. Når elevane møtte teknologiske utfordringar, søkte dei hjelp frå kvarandre i staden for hjå lærarane. Ved spørsmål om kvifor dei ikkje søkte hjelp frå lærarane, var svaret frå samtlege at dei meinte dei sjølve var kompetente nok til å finne løysingar. Ved spørsmål om dei skulle hatt fleire tekniske instruksar, sa ein elev: «Jeg tror ikke man hadde lært så mye heller hvis man sku’ ha fått så mye hjelp på en måte, det er lurt å liksom tenke litt selv.»

Oppsummering

Mange lærarar vegrar seg for å nytte elevanes kvardagsteknologi i undervisninga og å gi frå seg ekspertrolla. Vi meiner våre funn viser at mobilen med fordel kan integrerast i undervisninga, gitt klare rammer og fagleg oppfølging. Filmen fungerte som ei moglegheit for kreativitet og personleg autentisitet, medan teksten fekk elevane til å reflektere og fundere over det faglege aspektet. Samla ga dette grunnlag for fagleg og etisk diskusjon ut frå kompetansemålet.

Dette masterprosjektet er utført av fire masterstudentar ved Universitetet i Oslo under prosjektet Local Cultures for Understanding Mathematics and Science. Prosjektet handlar om å nytte elevar sine ulike kulturelle kunnskapar i tilnærming til realfaga.


Naturfag 1/17 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 1/17. Utgåva har temaet "Kreativitet i naturfag".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.