Den gode forteljinga

Til alle tider har vi menneske latt oss fascinere av å høyre ei god forteljing. I tidlegare tider var det først og fremst munnlege forteljingar rundt leirbålet, i dag har vi bøker, film og andre medium. 

Ole Brumm-pinneleken

«Det var merkelig», sa Ole Brumm. «Jeg mistet konglen på den andre siden av broen, og nå kommer den frem på denne siden. Jeg lurer på om også en annen kongle vil gjøre det.» Og han gikk for å hente flere furukongler.

Det ville den. Det ville de alle sammen. Og så prøvde han å slippe to på en gang, og lente seg ut for å se hvilken som kom først, og det var det en av dem som gjorde. Men siden konglene var nøyaktig like store, kunne han ikke vite om det var den han ville skulle vinne som vant, eller den andre. Så neste gang passet han på å slippe en stor og en liten. Og den store kom frem først, og det var akkurat det han hadde tenkt, og den minste kom sist, og det var akkurat som han hadde tenkt det også – og derfor hadde han vunnet to ganger. Da han gikk hjem for å drikke te, hadde han vunnet seksogtredve ganger og tapt åtteogtyve, noe som betydde at han var at han hadde – vel du trekker åtteogtyve fra seksogtredve – og sånn var det det var. I stedet for omvendt.

Og dette var begynnelsen på den leken som heter Ole Brumm-pinneleken, den leken som Brumm fant opp og som han og vennene hans lekte her i utkanten av Skogen. Men siden brukte de pinner i stedet for furukongler, for de er lettere å sette merke på. (Frå A.A. Milne, Huset på Bjørnehjørnet.)

Kva er det med forteljingar?

Kva er det som gjer at vi liker forteljinga om Ole Brumm? Kanskje såg du for deg Ole Brumm der han stod på brua. Kanskje kjende du deg litt igjen i det å lure på noko og prøve seg fram. Både det å sjå for seg det som skjer og å identifisere seg med ein person er viktig for å leve seg inn i forteljinga. Ei forteljing som vi blir fanga av, vekker også gjerne kjensler. Som glede, vemod, frykt eller sorg.

Ifølge den amerikanske psykologen Howard Gardner er ein forteljande innfallsvinkel ein av sju tilnærmingar til eit tema, saman med numerisk, logisk, eksistensiell, estetisk, praktisk og interpersonleg. Det går fint an å finne forteljingar til dei fleste tema som kan vekke kjensler og som elevane kan leve seg inn i.

Hjerneforsking har skaffa oss kunnskap om at dei same områda i hjernen blir aktiverte når vi opplever ei hending som når vi høyrer ei forteljing om tilsvarande hending. Det seier noko om kor sterkt vi kan leve oss inn i ei forteljing.

Bøker opnar opp for andre verder. Bøker opnar opp for andre verder. Ill.: pixabay.com

Skjønnlitteratur i naturfag

Mi erfaring er at når lærarar snakkar om bøker i naturfag, så tenker dei mest på faktabøker om for eksempel dinosaurar, solsystemet eller kroppen vår. Men eg meiner at bøker i naturfag vel så gjerne kan vere skjønnlitterære bøker, med gode historier som Den lille prinsen eller Svein og rotta gjennom solsystemet. Eller historier om norske forskingsbragder. Slike historier skaper eit motiverande utgangspunkt for læring i eit tema, fordi dei skaper engasjement og innleving. Dette temaet har faktisk relevans for meg!

Forteljinga om Ole Brumm kan vere eit godt utgangspunkt for å snakke om korleis vi kan undersøke noko. Elevane kan få utdelt teksten og få i oppdrag å streke under kva for eit forskarspørsmål Ole Brumm stiller seg. Dei kan også streke under ord eller setningar som fortel noko om korleis Ole Brumm går fram for å finne svar på dette spørsmålet. Elevane kan for eksempel bruke éi farge til å streke under kva han gjer og ei anna farge til kva han finn ut.

Litteratur i naturfag er altså ikkje berre faktabøker. Like viktig er det å fortelje den gode historia, slik at elevane kjem på innsida og får eit forhold til det som blir fortalt.


Naturfag 1/17 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 1/17. Utgåva har temaet "Kreativitet i naturfag".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.