Hopp til hovedinnhold

Med bergartar som klokke

Kvar minste stein har ei historie å fortelja, som ikkje treng å vera så vanskeleg å tyda.

bergarter feltfilm

Korleis lesa historien til steinen?

Dei aller fleste steinane kan delast opp i tre hovudgrupper som geologane kallar bergartar. Kvar av hovudgruppene kan identifiserast ved hjelp av eit mønster. Når du finn ein stein med eit av mønstra, veit du òg kva historie den fortel:

  • Dei prikkete steinane er dei magmatiske bergartane, som ein gong har vore ei varm steinsmelte som har størkna, enten nede i jordskorpa eller etter at dei har kome opp til overflata gjennom ein vulkan.
  • Dei stripete steinane er dei metamorfe bergartane, som har vore gjennom ein endringsprosess enten ved hjelp av trykk, temperatur eller begge delar. Det kan skje f.eks. når to jordskorpeplater kolliderer. I kollisjonssona vert bergartane utsette for høgt trykk og høge temperaturar som sakte, men sikkert endrar dei.
  • Lag på lag-steinane med fossil i laga vert òg kalla sedimentære bergartar. Dei er blitt til ved at vêr, vind og elvar har slite ned fjella og teke med seg den finknuste steinen ut i havet over mange millionar år, lag på lag. Over tid har desse sedimenta blitt kitta saman til ein hard stein. Innimellom har døde plantar og dyr blitt dekka over av sedimenta og etter kvart blitt til fossil.

Korleis lesa alderen til steinen?

Det er uråd å observera den eksakte alderen til steinen ute i felt. Men vi kan observera kva bergartar som er eldst og kva for nokre som er yngst. Geologane kaller dette for den relative alderen til bergartane. Her er observasjonar vi kan sjå etter og kva dei fortel om alder:

  • I ei lagrekkje i berggrunnen (fleire sedimentære bergartar oppå kvarandre) vil det eldste laget vera nederst og det yngste laget vera øverst. Dette vert kalla overleiringsprinsippet (superposisjonsprinsippet).
  • Sedimentære bergartar er i utgangspunktet horisontale. Dersom laga ligg skrått eller falda, har det skjedd ein bevegelse i jordskorpa. Denne bevegelsen har då skjedd etter at dei sedimentære bergartane er danna.
  • Ein bergart som skjer gjennom ein annan bergart, er yngre enn bergarten den skjer gjennom.
  • Bergartar må verta danna før dei kan verta omdanna (omgrepet metamorfose vert brukt om alle prosessar som omdannar bergartar, for eksempel fjellkjedefalding).

Rombeporfyr er ein prikkete, magmatisk stein. Rombeporfyr er ein prikkete, magmatisk stein.

 

 

Tema

  • Feltarbeid
  • Tid