Forskarspira, grunnleggande ferdigheiter og naturfagleg innhald går hand i hand

Hovudområdet forskarspira handlar om korleis vi jobbar med naturfag. For eksempel les vi fagstoff, skriv notat og lagar ein presentasjon av kva vi har funne ut. Dette handlar derfor også om å bruke og øve på dei grunnleggande ferdigheitene.

Symbol i undervisningsopplegg skal synliggjere dei grunnleggande ferdigheitene. Vi har valt å bruke symbol for å utforske (elevane skal aktivt involverast i å undersøke eller gjere noko ) og tenke (elevane reflekterer og finn ut kva dei sjølve meiner) i tillegg til symbol for dei fem grunnleggande ferdigheitene og brukar derfor til saman sju kategoriar:

 

 

Alle desse kategoriane heng tett saman med hovudområdet forskarspira. I eit forskarspiremål som at elevane etter 7. trinn skal kunne formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser må elevene snakke eller skrive og utforske. Eit anna eksempel er at elevane etter 10. trinn skal kunne skrive forklarende og argumenterende tekster med referanser til relevante kilder, vurdere kvaliteten ved egne og andres tekster og revidere tekstene. Her er det å skrive tydeleg framheva, men elevane må også lese og utforske ulike kjelder og tekstar.

Dei ulike kategoriane representerer ulike innfallsvinklar for læring. For å lære eit fagleg innhald må elevane jobbe aktivt på ulike måtar. Forskarspira er nettopp eit område som beskriv korleis vi kan jobbe med naturfaglege problemstillingar. Dette området må derfor koplast tett saman med kompetansemål frå dei andre hovudområda. Dei nemnte naturfaglege spørsmåla som elevar på mellomtrinnet skal jobbe med, kan for eksempel koplast saman med kompetansemålet under mangfald i naturen der elevane skal kunne planlegge og gjennomføre undersøkelser i minst ett naturområde, registrere observasjoner og systematisere resultatene. Dei nemnte forklarande tekstane på ungdomstrinnet kan for eksempel handle om hovedtrekk i teorier for hvordan jorda endrer seg og har endret seg gjennom tidene, og grunnlaget for disse teoriene (kompetansemål under mangfold i naturen). Dette illustrerer at forskarspira og dei grunnleggande ferdigheitene ikkje er noko som kjem i tillegg til fagstoffet, men er ein integrert del av det å tileigne seg fagstoffet.