Hopp til hovedinnhold

Undersøking av ferskvatn frå barneskule til vidaregåande

«Me går ut og ser kva me finn». Kanskje ei grei nok tilnærming til feltarbeid. Men dersom dette er oppdraget, vil då elevane oppleve at dei gjer det same år etter år?

Eit par kilometer frå rullebana på Bergen lufthavn Flesland ligg Skranevatnet. Ein liten innsjø i eit utbyggingsområde som har forandra seg frå jordbruksland til bolig- og næringsområde. Rundt innsjøen er det bevart ein del skog, slik at vatnet og området rundt blir ein vakker oase i det stadig meir tettbygde området Sandsli. Det er tursti rundt det meste av vatnet, der tilsette på Statoil gjerne tek ein joggetur i lunsjpausen. Fire skular ligg i området rundt innsjøen: Søreide og Aurdalslia er barneskular, Skranevatnet har elevar frå 1. til 10. trinn, og Sandsli er ein vidaregåande skule.

Flyfoto av området. Flyfoto av området.

Alle skulane har feltarbeid i og rundt Skranevatnet, og ein del av elevane har heile skulegangen sin i dette området, frå barneskulane via ungdomsskulen til Sandsli videregående skole. Korleis opplever desse elevane progresjon i feltarbeid gjennom 13 år med naturfag? Kva gjer det med læraren sine didaktiske tilnærmingar når feltarbeidet ikkje er ei enkeltståande hending, men går inn i ein samanheng der elevane følger same lokalitet gjennom fleire skuleslag? Spørsmål knytt til utviklinga av feltarbeid gjennom mange nivå av naturfag gjorde at desse fire skulane vart valde ut til å delta i prosjektet Skuleutvikling i naturfag (SUN). 

SUN er eit prosjekt leia av Naturfagsenteret, der Skolelaboratoriet ved Universitetet i Bergen har ansvaret for delprosjektet i Hordaland. Saman med forfattaren, har Frede Thorsheim vore rettleiar for arbeidet på dei fire skulane. Gjennom eit år har naturfaglærarane diskutert didaktiske metodar for godt feltarbeid, både på eigen skule og på felles samlingar ute ved vatnet. 

Elevar undersøker smådyr i Skranevatnet. Foto: Olaug Vetti Kvam Elevar undersøker smådyr i Skranevatnet. Foto: Olaug Vetti Kvam

Det som var spesielt kjekt, var å sjå mangfaldet av metodar og oppdrag elevane fekk gjennom dei ulike skuleslaga. Dei yngste elevane fekk utforske vatnet først, utan at nokon hadde gitt dei «svara» på førehand ved å fortelle om kva dei kunne rekne med å finne. Alle sansar vart brukt, elevane noterte, tok bilete og plukka med seg planter. Mellomtrinnet brukte digitale tankekart der dei starta med å hente fram den kunnskapen dei sjølve hadde om innsjøen. Dei var fleire gonger ute ved vatnet, mellom kvar gong var det diskusjonar i klasserommet om det dei hadde funne. Tankekarta vart oppdaterte undervegs. Ungdomsskulen hadde meir vekt på målingar og publisering av resultata, og på vidaregåande vart elevane utfordra til å sjå dei store samanhengane, både med endringar i økosystemet og i forvaltning av området. Ei skjematisk oversikt over progresjonen gjennom dei ulike trinna er vist i tabellen nedanfor. 

Undersøking av ferskvatn frå barneskule til vidaregåande - tabell

Skranevatnet er ikkje unikt. Mange stader er det eit område i nærmiljøet som blir brukt av fleire skuleslag. Har du eit område som også blir brukt av andre skuleslag, vil me absolutt foreslå at de utvekslar informasjon om dei undersøkingane de gjer med elevane. Det er godt å vite kva elevane har vore med på tidlegare, og greitt å vite kva som ventar dei seinare. Erfaringa frå Skranevatnet viser at det kan vere ein fordel at fleire skular bruker det same vatnet. Det kan utnyttast til å skape heilskap i læringa at elevane kan bygge vidare på kunnskapen frå tidlegare år, og at eksempel frå feltarbeid på lågare trinn kan brukast i forståing av nye samanhengar.

Elevane på dei fire skulane rundt Skranevatnet arbeidde ikkje direkte saman. Men alle skulane legg inn registreringar på miljølære.no. Elevane kan difor samanlikne eigne funn med det elevar på dei andre skulane har funne, og saman bidreg dei til ei god oversikt over miljøet i og rundt vatnet til ulike årstider. 

Tett med bukkeblad i mai. Den kvite blomsten er ein fotofavoritt hjå elevane.  Foto: Olaug Vetti Kvam
Tett med bukkeblad i mai. Den kvite blomsten er ein fotofavoritt hjå elevane. Foto: Olaug Vetti Kvam

Tema

  • Feltarbeid