Hopp til hovedinnhold

Produktanalyse og idéutvikling

Vi har mange produkt kring oss. Det å analysere produkta ut frå form, kor enkle dei er å bruke, funksjon, målgruppe, miljøpåverknad, pris, materiale osv. kan gjere oss meir reflektert i forhold til vala våre som forbrukarar. Her vert to innfallsvinklar skisserte for å analysere produkt og stimulere kreativiteten for å skape nye produkt. 

Ting på pulten

Eit godt utgangspunkt for produktanalyse kan vere å putte diverse gjenstandar som blyant, linjal, viskelær, opptrekkar, knagg, lås, måleband, stiftemaskin, synål eller liknande i ei eske; «skrinet med det rare i». 

Produktanalyse

Del 1: Grupper av to-tre elevar får to gjenstandar frå eska. Elevane skal diskutere desse tre spørsmåla:

  • Kva slag materiale er gjenstanden laga av?
  • Kvifor har gjenstanden akkurat denne forma?
  • Korleis verkar han?

I diskusjonen treng elevane å bruke ulike omgrep som skildrar korleis gjenstandane ser ut og korleis dei verkar. Dette er ein god arena for å øve seg på munnlege ferdigheiter. Samtidig kan denne produktanalysen gje elevane ei forståing for kva teknologi og design handlar om. Teknologi inkluderer ikkje berre avanserte mobiltelefonar og brukonstruksjonar. Ut frå ein definisjon av teknologi som går ut på å lage hjelpemiddel som gjer kvardagen lettare, er både ein gaffel og eit viskelær teknologiske produkt. Materiale, form og funksjon er tre viktige område for teknologi og design. I ulike prosjekt kan vektlegginga av desse tre områda variere. Nokre gonger er det eit særskild materiale som står sentralt, til dømes plast, mens andre gonger handlar oppgåva om å fylle ein særskild funksjon, til dømes å få ein alarm til å gje lyd når det er vått på golvet.

Del 2: Elevgruppane får enda ein gjenstand. Ut frå dei tre gjenstandane skal dei kombinere to av dei til ein idé om eit nytt produkt som verda hittil ikkje har sett. Her vert både kreativiteten og oppfinnargleda utfordra. Kva for behov vert dekt av eit nytt produkt? Til dømes kan kombinasjonen av synål og vinopptrekkar vere eit nyttig hjelpemiddel for å presse ei nål gjennom eit hardt materiale. Oppfinningar dreier seg ofte om ei vidareutvikling av produkt som allereie eksisterer.

Analyse og utvikling av hjelpemiddel

Nettstadar som enklereliv.no, hjelpemiddeldatabasen.no og ergostart.no har mange hjelpemiddel som dekker ulike behov. Ein del av desse hjelpemidla tar utgangspunkt i kroppen, slik at det kan være naturleg å kople dette til kompetansemål frå kropp og helse. Til dømes finn vi her produkt som stimulerer blodsirkulasjonen eller ergonomisk tilpassa reiskapar. Desse produkta kan passe godt som utgangspunkt for produktanalyse. Kva for behov dekker dei? Kven vil ha nytte av eit slikt produkt? Kva for målgruppe rettar produktet seg mot? Kva for materiale er valt? Er materiala miljøvenlege? Kjem produktet til å gå sund raskt? Kva skjer med produktet etter vi har kasta det? 

I tillegg til å vere utgangspunkt for produktanalyse kan produkta gje deg som lærar idear til nyttige problemstillingar. Å gje elevane ei reell problemstilling kan vere eit godt utgangspunkt for idémyldring og kreativitet. Til dømes kan ei oppgåve vere å finne løysingar på eit kvardagsleg problem som å klare å stå opp ein tidleg, mørk morgon eller å unngå å falle på glatt føre. Produkta på nettstadane kan også gje elevane inspirasjon til å utvikle nye og spennande produkt.