naturfag.no
Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Elektriske krinsar

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kva som får ei pære i ein elektrisk krins til å lyse sterkare, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Elektriske kretser

Faglig forklaring

Denne krinsen kan brukast til å utforske omgrepa spenning, resistans og straum. Vanlegvis vil fleire batteri bety høgare spenning over pæra og dermed sterkare straum gjennom den slik at pæra lyser sterkare. Med fleire lyspærer vil resistansen i krinsen totalt sett bli større, straumen vil minke og pærene lyse svakare. Men legg merke til at det ikkje er noko eintydig forhold mellom volumet på batteriet og spenninga det leverer, eller volumet på glaset som omgir pæra og resistansen i glødetråden. Det kan derfor opplevast som vanskelegare å føreseie effekten av eit stort batteri eller ei stor pære.

Kommentarer/praktiske tips

Ulike 3V-batteri kan ha lagra ulik mengd energi. Eit batteri med mykje lagra energi kan forsyne ein gitt krins med elektrisk potensiell energi over lengre tid (få pæra til å lyse lengre) enn eit batteri med mindre lagra energi. Eit batteri kan også vere produsert for å levere sterkare straum til ein krins enn eit anna batteri. Mengda av lagra energi og styrken på straumen eit batteri skal levere, kan påverke volumet på batteriet, men ikkje alltid. Merk at spenninga mellom polane (polspenninga) på eit batteri minkar når resistansen i krinsen aukar, mens den spenninga som er meld på batteriet (for eksempel 3V), held seg konstant.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med magnetisme og elektrisitet og forklare og presentere resultatene
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser

Levert av

Naturfagsenteret

Levert av

Concept Cartoons / Millgate House Education