Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • vg1

Vedfyring

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om energikrise og vedfyring og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Vedfyring

Faglig forklaring

Ordet energikrise er ikkje eit spesielt fruktbart omgrep, fordi det lett kan skape forvirring. Krisen gjeld ikkje energien i seg sjølv, men tilgang til energilagera eller drivstoffa som fungerer som energikjelder. Å nytte ved som brensel har den fordelen at det er ei fornybar energikjelde, i motsetning til fossilt brensel (olje, kull og gass), som det tek millionar av år å fornye. Sjølv om vedfyring produserer karbondioksid som bidreg til global oppvarming, inngår denne i krinsløpet, slik at nye trær vil bruke gassen igjen når dei gror for å lage nytt trevirke.

Kommentarer/praktiske tips

Dette kan brukast som utgangspunkt for ein diskusjon om tydinga av orda drivstoff og energi. Elevane kan diskutere kor tilgjengelege energilagre finnast og mogelege konsekvensar av global oppvarming pga. auka drivhuseffekt. Dette kan utvidast til eit større prosjektarbeid om energibehov, energiressursar og forskjellen mellom fornybare og ikkje-fornybare energikjelder.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)