Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Kva fargestoff finn vi i eit blad?

Målet med denne økta er at elevane skal undersøke fargestoff i haustblad for å lære om korleis tre forvaltar energien sin.

Blad med ulike farger. Blad med ulike farger.

Førebuing

Finn eit område der elevane skal leite etter og plukke blad frå lauvtre.

Skriv ut elevhefte (Word):

Elevheftet er eit A4-ark som brettast saman på midten og blir eit lite hefte. Dersom du vel å skrive ut heftet, vel «skriv ut på begge sider» og «vend sider på kortsida».

Finn fram

  • raudsprit
  • filtrerpapir (eller kaffefilter)
  • fire små glas til kvar gruppe
  • mortarar og pistillar (ev. skålar og skeier)

Les gjennom presentasjonen som skal brukast i etterarbeidet:

I denne aktiviteten skal de bruke raudsprit. Gjer derfor ei risikovurdering for di(ne) klasse(r).

Ute, 15 min

Samle elevane i ein halvsirkel framfør deg. Fortel elevane at i denne økta skal dei finne ut kva fargestoff som finst i ulike blad. Spør kva slags fargar eit blad frå eit lauvtre kan ha [f.eks. grønt, oransje, gult, raudt].

La elevane samarbeide i små grupper. Be dei prøve å finne både grøne, raude, gule og oransje blad. Dei treng ikkje mange av kvar. Dersom det er store blad som hos lønn, held det med eitt blad. Dersom det er små blad som hos bjørk, kan det vere greitt å ha fem–ti blad.

La kvar gruppe fortelje kor mange ulike typar lauvtre/blad dei fann. Diskuter likskapar og ulikskapar på blada. Kva kjenneteiknar dei ulike blada? Bruk gjerne omgrep som bladstilk, bladspiss, bladkant, bladnervar.

Etterarbeid, 45 min

Fortel elevane at dei skal sjå om det finst andre fargestoff i blada enn dei vi ser. Vi skal bruke ein teknikk som heiter kromatografi.

La elevane følge oppskrifta på side 3 i PowerPoint-presentasjonen: Kvar gruppe skal lage eit fargeekstrakt for kvar av fargane: grønt, oransje, gult og raudt. Elevane klipper eller riv opp blada, lærar heller på litt raudsprit og gnir fargestoffa ut av blada. Dei må jobbe ein stund for å få fargestoffet ut i løysninga. Dei heller så litt av blandinga over i eit glas og set ein strimmel filtrerpapir (ca. 2 cm brei og 10 cm høg) nedi. Glasa med filtrerpapira skal så stå og trekke i minimum 10 minutt.

Del ut elevhefta. Be elevane bruke resultata frå forsøket og informasjonen dei finn i elevheftet til å svare på spørsmåla:

  • Kvifor forandrar blada farge om hausten?
  • Kva fargar inneheld dei grøne, gule og raude blada?
  • Kva fargar har dei minste fargepigmenta, og korleis kan de sjå det?

Ark 5. Summer opp kva elevane har komne fram til.

Ark 6: Kven skal ut? La elevane individuelt lese alle utsegna og tenke over kva for ein/nokre dei meiner er mest riktig. La deretter gruppene diskutere ei og ei utsegn. Kva for ein/nokre utsegn er dei mest einige i, og kvifor?

Fagleg bakgrunn

Kromatografi

Kromatografi er ein måte å skilje stoff frå kvarandre på. I dette opplegget brukar vi papirkromatografi, da treng vi filtrerpapir (kaffefilter kan også brukast) og ei flytande løysning. Den flytande løysninga er ofte ei blanding av vatn og eit løysningsmiddel.

Når vi knuser blada og blandar dei med sprit, blir cellene øydelagde slik at pigmentstoffa kjem ut i løysninga.

Fargepigmenta er partiklar der eigenskapar som størrelse og struktur varierer frå fargepigment til fargepiment. Pigmenta som er sterkare tiltrukne til filtrerpapiret enn etanolen, bevegar seg langsammare oppover enn dei pigmenta som løyser seg lett i etanolen.

Kvifor mister trea fargar og blad?

  • Når dagane blir kortare og kaldare og tilgangen på energi blir mindre, går trea inn i sparemodus.
  • Trea avsluttar veksten, og dei treng ikkje like mykje av sukkeret som blir produsert i blada gjennom fotosyntesen. Det er energikrevande å produsere klorofyll. Klorofyllet blir derfor brote ned og frakta inn i greiner, stammar og røter slik at det kan brukast til neste år.
  • Når klorofyllet blir brote ned, kjem dei gul-oransje-raude fargane fram i blada. Desse fargestoffa blir brotne seinare ned enn klorofyllet.
  • Det klare, sterke, raudfargane kjem av at det blir danna antocyanin om hausten når nettene blir kalde, og det framleis er ganske lyst.
  • Planter mister ein del vatn gjennom fordamping frå blada. Sidan vassopptaket til trea er lågt om vinteren, må det sparast på vatnet. Forbindelsen mellom blad og grein forseglast, og bladet fell av.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)