Undervisningsopplegg

Økt 1: Sortere sko etter eigenskapar

gummistøvler Foto: www.pixabay.com I denne økta får elevane eit oppdrag der dei skal teikne ein sko som ikkje finst enno. Dei skal jobbe med omgrepet eigenskap

Læringsmål

Elevene skal kunne 

  • beskrive kva for eigenskapar ulike sko har som gjer at dei passar til ulik bruk

Tidsbruk 

Presentere oppdrag 5 min
Sortere bilde av sko 25–35 min
Ulike sko har ulike egenskaper (PowerPoint) 15–20 min
TOTALT 45–60 min

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • eigenskap
    korleis eit stoff ser ut, luktar, smakar, kjennest, kva slags lyd det lagar eller korleis det blandar seg med andre stoff
  • stoff
    det som alle ting er laga av. Ulike stoff har ulike eigenskapar.

Forskerspirebegrep

  • begrunne
    fortelje kvifor man meiner noko
  • beskrive
    fortelje med ord eller bilde korleis noko er
  • observere
    bruke sansane til å få informasjon om noko
  • samanlikne
    sjå etter kva som er likt og ulikt mellom to eller fleire ting
  • sortere
    dele inn i grupper etter observerbare kjenneteikn
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Finn fram utstyret. Skriv ut Venndiagram til kvart elevpar.

3. Skriv ut elevark til to og to elevar. Du kan laminere arka før du klipper ut bilda og legg dei i ein konvolutt som du merkar «sko».

4. Gjer deg kjent med økt 1 i PowerPoint-presentasjonen. Vurder om du vil erstatte nokre av bilda på slutten av økta med andre sko ut frå interessane elevane i klassa har. 

5. Skriv gjerne ut utskriftsversjonen av økta eller ha denne tilgjengeleg på skjerm.

 

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 1

Gi oppdraget til elevane. Sei: Du skal teikne ein sko som ikkje finst enno. Men for å vite korleis skoen skal vere er det lurt å vite kva skoen skal brukast til for å velje kva skoen kan bli laga av og kva for eigenskapar han skal ha. Presiser at de skal jobbe ei god stund før dei skal teikne skoen (sei kva for dag de skal ha økt 3).

Sortere sko. Sei at for å lære om eigenskapar skal vi sortere sko på ulike måtar. Del ut ark med Venndiagram. Be dei først om å sortere skoa etter om dei meiner dei er innesko eller utesko. Få fram at det ikkje er noko som er riktig eller feil. Oppsummer felles. Anerkjenn ulike svar, men be elevane om å begrunne kvifor dei meiner at skoen er inne- eller utesko [varme, vasstette, harde, mjuke].

Be elevane så sortere etter om skoa er harde eller mjuke og begrunne svaret. [Skoen kan ikkje endre fasong. Det kjennest mjukt/hardt ut viss eg tar på skoen.] Det er fint dersom nokon meiner at skoen er ein mellomting mellom hardt og mjukt. 

Be elevane sortere skoa etter kva for farge dei har. Her kan elevane vere ueinige om kvit er ein farge eller ikkje, og om metall har farge eller ikkje. Spør kva for sans dei bruka for å undersøke fargene på skoa. [Syn] 

Be elevane finne ein annan måte å sortere skoa på. Dette kan vere om dei er lette eller tunge, vasstette eller ikkje, bøyelege eller ikkje osv. 

Definer eigenskapSei til elevane: Alt det de har nemnt om dei ulike skoa, er eksempel på eigenskapar. Sei at lett, tung, hard, mjuk, fargelaus, bøyeleg og så vidare er eigenskapar. Eigenskapane seier noko om korleis skoa er. Eigenskapar er for eksempel korleis noko ser ut, luktar, smaker, kjennest eller kva slags lyd det lagar. Når vi brukar sansane våre, seier vi at vi observerer.

Vis PowerPoint. Sei at de skal sjå nokre bilde av ulike sko. Spør om fjellstøvlar passar til å danse ballett med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for stive, harde, for lite bøyelege]. Sei at det passar betre å danse ballett med ballettsko. Kanskje nokon av elevane har erfaring med å danse ballett? 

Spør om ballettsko passar til å sparke fotball med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for myke, beskyttar ikkje nok, sklir på graset]. Sei at det passar betre å sparke fotball med fotballsko.

Spør om fotballsko passar til å gå i regnet med? Kvifor gjer dei ikkje det? [ikkje heilt vasstette] Sei at det passar betre å gå i regnet med gummistøvlar. 

Spør om gummistøvlar passar til å kose seg inne med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for harde, for lite mjuke] Sei at det passar betre å kose seg inne med tøflar. 

Spør om tøflar passar til å gå på fjellet med? Kvifor gjer dei ikkje det? [ikkje vasstette, for mjuke, sklir] Sei at det passar betre å gå på fjellet med fjellstøvlar.

Oppsummer med å seie at skoa er forskjellige fordi dei brukast til ulike ting. Da treng dei ulike eigenskapar. 

Kople til oppdraget. Kva har vi lært som hjelper oss til å løyse oppdraget? Bruk  tenk-par-del .