Nyhet

Nytt utforskande undervisningsopplegg om elektrisitet

I dette opplegget skal elevane ta fagbrev som modellhuselektrikarar. Opplegget er utvikla for 5.7. trinn.

Brytar på 8x5

I Elektrisitet skal elevane ta fagbrev som modellhuselektrikarar. For å få fagbrev treng elevane å lære meir om elektrisitet, bl.a. ved å notere og løyse oppgåver i eit eige lærlinghefte, lage ei felles bok om lamper og samarbeide i par om å installere elektrisk anlegg i eit modellrom.

Opplegget inneheld detaljerte instruksjonar og materiale til elevane slik at det kan takast i bruk som det er. Det er utvikla for 5.7. trinn, og opplegget er prøvd ut i klasserommet.

Opplegget er gratis å ta i bruk, og det følgjer med liste over utstyr og kvar det kan kjøpast. Materialet til elevane er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål.

Du finn Elektrisitetnaturfag.no/elektrisitet.