Nyhet

Nytt undervisningsopplegg om elektroniske kommunikasjonssystem

I dette opplegget skal elevane samle kunnskap for å utvikle eit smart klesplagg som kan sende eller ta imot informasjon trådlaust frå internett.

Foto: www.pixabay.com Foto: www.pixabay.com

Dagens barn og unge møter teknologi i heimen, på skolen og i fritida, og dei fleste er svært aktive brukarar av teknologi. Men elevane må ikkje berre ha ferdigheiter til å bruke dagens teknologi. Vi må legge til rette for at dei kan få lære og forstå dei grunnleggande prinsippa som ligg bak teknologien, slik at dei kan ta kontroll over han og kreativt utvikle han til det beste for seg sjølv og fellesskapet.

I dette opplegget for ungdomstrinnet skal elevane forstå korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem i hovudtrekk er bygd opp og fungerer. Denne kunnskapen skal dei bruke for å finne opp eit klesplagg som kommuniserer med internett for å fylle eit behov.

Gjennom eit samarbeid mellom Naturfagsenteret og Utdanningsetaten i Oslo kommune har Morellbakken skole og Øraker skole vore med på å prøve ut og utvikle opplegget. Opplegget inneheld detaljerte instruksjonar og materiale til elevane slik at det kan takast i bruk som det er. Det er utvikla for 8.10. trinn.

Opplegget er gratis å ta i bruk, og materialet til elevane er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål.

Du finn Elektroniske kommunikasjonssystem på naturfag.no/elkom.