Nyhet

Vinnarane av Årets Nysgjerrigper 2015

6. klasse ved Haus skule på Osterøy utanfor Bergen vann Årets Nysgjerrigper 2015 med forsking på skrittlengd og -mengd. Naturfagsenterets gjeve Naturfagpris gjekk til  1.–4. trinn ved Konsvik skole i Lurøy kommune: Korleis kan fargane på himmelen fortelle om vêret?

Vinnaren av Årets Nysgjerrigper

6.-klassingane ved Haus skule kom fram til at ei skrittlengd er distansen mellom ein hæl og der neste hæl treff golvet, og at ho avheng av høgda til ein person. Klassen intervjua vaksne og involverte Matematikksenteret, Justervesenet og ein fysioterapeut. Dei målte kvarandre og laga ein formel for skrittlengd for 11-åringar. Formidlingsevna var også på plass: Klassen skreiv eit lesarinnlegg i lokalavisa, der dei blant anna gjorde oppmerksam på at folk flest ikkje kjenner si eige skrittlengd. Klassen laga også ein animasjonsfilm på YouTube om korleis dei forska.

Les heile forskningsrapporten Kva meiner ein med skritt som lengdemål, og kor mange skritt går vi eigentleg på ei veke? (nysgjerrigper.no)

 

Vinnaren av Naturfagsenterets Naturfagpris

1.–4. trinn ved Konsvik skole i Lurøy kommune har forska på om fargane kan spå vêret i morgon eller i framtida. Dei laga eige observasjonsskjema og observerte deretter sol, nedbør og vind kvar dag og samanlikna med yr.no. På vêrstasjonen i bygda blei dei teken imot av ein mann som har målt vêret kvar dag i 30 år! Elevane måla bilete av både uvêr og godvêrshimmel som illustrasjonar etter kvart som rapporten blei til. Bilete blei også lagde ut på Twitter.

Grunngjeving frå juryen:

Elevane har valt ei interessant problemstilling og har laga gode og varierte hypotesar. Dei har gjort grundige undersøkingar og har henta informasjon frå mange ulike kjelder. Illustrasjonane framhevar på ein flott måte problemstillingane til elevane, og observasjonane er godt dokumenterte. Juryen er imponert over omfanget og det grundige forskingsarbeidet og vil særskild framheve engasjementet som kjem tydelig til uttrykk.

Les heile forskningsrapporten Korleis kan fargane på himmelen fortelle om vêret? (nysgjerrigper.no)