Nyhet

Vinnarane av Årets Nysgjerrigper

Elevar på 7. trinn ved Hallagerbakken skole i Oslo forska på kva som avgjer kor mykje noko luktar – og vann gull i Årets Nysgjerrigper. Naturfagsenterets Naturfagpris gjekk til  6. og 7. klasse ved Gjerøy skole i Rødøy/Nordland: Kor mange heliumsballongar treng eit barn for å lette?

Vinnaren av Årets Nysgjerrigper

Sjå vinnarane frå 7. trinn ved Hallagerbakken skole i Oslo presentere forskinga si:

 

Vinnaren av Naturfagsenterets Naturfagpris

 

Vinnaren av Naturfagsenterets Naturfagpris 2014 Foto: Gjerøy skole Vinnaren av Naturfagsenterets Naturfagpris og 2. pris på mellomtrinnet i Årets Nysgjerrigper er 6. og 7. klasse ved Gjerøy skole i Rødøy/Nordland. Utsegn frå juryen:

Prosjektet har som utgangspunkt at elevane undrar seg på kva som skal til for å fly med heliumballongar. På Internett finn dei opplysningar om at menneskjer har blitt løfta opp av heliumballongar, men problemstillinga må dei utforske på eiga hand. Dei støtar på mange spørsmål undervegs, som korleis dei kan ha kontroll på kor mykje gass som blir pumpa inn i kvar ballong og korleis dei kan måle diameteren på ein ballong. Dei legg også stor vekt på reglar for tryggleik når dei brukar heliumgass og utforskar massetettleik som fenomen. Dei finn ut kva som skal til for å få ein bamse til å fly og gjer teoretiske utrekningar for å vise at det trengst 170 ballongar for at eit barn skal kunne fly til vêrs. Elevane viser stort engasjement, og juryen gratulerer med ein imponerende forskingsinnsats!

Vinnarene av Naturfagsenterets Naturfagpris 2014 Foto: Gjerøy skole