Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kraft eller energi?

6.1 Kraft eller energi - hvilken_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane undersøke kva ordet kraft betyr i ei vanleg ordbok og i ei naturfagordbok. Spør: Er det same definisjon dei to stadane? Be elevane finne fleire ord som har ulik definisjon i kvardagsspråket og i naturfagsspråket. Bruk tenk-par-del

Sei: Kraft er eit ord vi ofte brukar i kvardagsspråket, men som har ei bestemt meining i naturfag. Forskarar brukar ordet kraft for mengda energi som blir overført per tidseining. Energi er eit mål på kor mykje arbeid som må gjerast, men det seier ingenting om kor raskt det går. Vi måler energi i joule (J), der ein joule er arbeidet som blir gjort for å flytte ei kraft på ein newton ein meter. Vi måler kraft i watt (W), der ein watt er det same som ein joule per sekund (J/s). Joule og watt kan også beskrive elektrisk kraft og energi. I kvardagsspråket kan vi seie: Datamaskinen får kraft frå elektrisitet.

Be elevane skrive ein tekst om ein vektløftar for å illustrere forskjellen mellom kraft og energi.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre rede for begrepene fart og akselerasjon, måle størrelsene med enkle hjelpemidler og gi eksempler på hvordan kraft er knyttet til akselerasjon
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover
      • gjøre rede for energibegrepet og begrepene arbeid og effekt og foreta beregninger og drøfte situasjoner der mekanisk energi er bevart