Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kva skjer ved nøytralisering?

 

5.5 Hva skjer under nøytralisering NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva er ein pH-skala? Ha litt juice i eit papirbeger. Bruk pH-papir til å måle pH. Ha i litt av ein syrenøytraliserande tablett og sjekk pH igjen. Fortsett å ha i litt av tabletten og sjekk pH heilt til denne er 7. Snakk saman om det som er i koppen nå er reint vatn. Spør: Kva trur de syrenøytraliserande er og korleis verkar det? NB Væska som er testa med pH-papir skal ikkje drikkast. 

Be elevane gi eit råd til ein som har for sur jord til at planter trivst der. 

Faglig forklaring

Vi tenker ofte på syrer og basar som motsetningar. Syrer dannar hydrogenion i løysning og har låg pH, mindre enn 7. Basar dannar hydroksidion i løysning og har høg pH, meir enn 7. Dersom vi blandar rett mengde av syre og base saman, vil dei reagere og nøytralisere kvarandre. Dei dannar ei løysning som er nøytral og har pH 7. Reint vatn har pH 7 og er verken sur eller basisk. Likevel kan det vere meir enn vatn i ei nøytral løysning. Nøytralisering er ein reaksjon mellom ei syre og ein base og grunnstoffa som syra og basen besto av er fortsatt der, men er sett saman på ein ny måte. Likninga for nøytralisering er: syre + base → salt + vatn. Eit salt er ei sambinding som har ein metall- og ein ikkje-metalldel. Kva for eit salt er avhengig av kva for syre og base som var utgangspunktet. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke egenskaper til noen stoffer fra hverdagen og gjøre enkle beregninger knyttet til fortynning av løsninger
      • undersøke og klassifisere rene stoffer og stoffblandinger etter løselighet i vann, brennbarhet og sure og basiske egenskaper
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • gjennomføre enkle kjemiske påvisninger av næringsstoffer i matvarer og gjøre rede for observasjonene
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • gjennomføre enkle kjemiske påvisninger av næringsstoffer i matvarer og gjøre rede for observasjonene

Læreplan i kjemi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Kjemi 1
    • Syrer og baser
      • definere syre og base og gjøre rede for syre-base-reaksjoner
      • måle pH med ulike metoder og beregne pH i sterke og svake syrer og baser

Materialer og utstyr

pH-papir
juice
syrenøytraliserande tablett