Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Blir gjenstandar lettare i høgda?

10.13 Blir ting lettere i høyden NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis klipp frå den internasjonale romstasjonen. Spør: Verkar astronautane lettare eller tyngre? [lettare] Kva indikerer dette om endring i gravitasjonen når vi drar lenger vekk frå jorda? [han blir mindre] Be elevane diskutere to og to kva dette har å seie for gravitasjonen i ein varmluftballong. Sei: Varmluftballongar brenn propan for å lette. Får det å fylle varm gass i ballongen han til å bli lettare eller tyngre? Dersom han blir tyngre, korleis får det ballongen til å lette? 

Sei: Gravitasjon er ei kraft mellom objekt som trekk seg mot kvarandre. Han er forårsaka av massen til objekta, så han er svakare for små objekt og sterkare for større objekt som planetar. Gravitasjon verkar uansett kor langt du er frå noko, men han blir svakare når avstanden aukar. I ein varmluftballong er du litt lenger vekk frå sentrum av jorda, så gravitasjonen er litt svakare og ting veg litt mindre. Nokre varmluftballongar kan gå opp til 20 km høgde, men sjølv så høgt oppe er gravitasjonen mindre enn 1 % svakare enn på bakken. Vekt er eit mål på gravitasjonskrafta på eit objekt ut frå massen. Dersom gravitasjonen er svakare, blir vekta mindre, men massen endrar seg ikkje. Masse og vekt er lett å blande saman, men dei er ikkje det same.

Be elevane lage ein tabell som samanliknar pmgrepa vekt og masse. I tabellen bør definisjonar, målemetode, måleeining, om, kvar og korleis dei endrar seg og når vi brukar dei vere med.