Grubleteikningar og heimeskole

Det er mange måtar å bruke grubleteikningane på. Elevane kan diskutere skriftleg eller munnleg, alt etter kva som passar dykk i måten de legg til rette for heimeskole. 

Ein måte å arbeide med grubleteikningar på er å gi den aktuelle teikninga til elevane og la dei skrive kven av personane dei er mest einige med og kvifor. Du kan samle alle grunngivingane i eit dokument som du deler med elevane eller du kan la dei lese grunngivingane til kvarandre to og to. Etter at dei har lest gjennom, kan elevane velje å endre meining om kven på teikninga dei er mest einige med eller forbetre grunngivinga si. Til slutt kan du ha ei felles oppsummering.