Appar og personvern

Korleis skal ein handtere personvernet om ein brukar appar i (naturfag)undervisninga?

smarttelefon mobil apper app telefon Dersom skolen har eigne nettbrett der elevane ikkje loggar inn med personlege kontoar, vil ein kunne unngå at opplysningar som appar lagrar på nett er knytt til elevane.

Dersom elevane uoppfordra har teke  i bruk ein app i undervisninga, så vil ikkje skolen vere ansvarleg for bruken. Men  ynskjer ein lærar derimot at elevane skal bruke appar der personopplysningar blir lagra på nett, må læraren finne ut om behandlingsansvarleg (skoleeigar, kommune eller fylkeskommune for offentlege skoler) har inngått databehandlaravtale med databehandlar (app-leverandør). Merk at det må foreligge ein avtale med databehandlar sjølv om det ev. er innhenta samtykke frå foreldra.

Når vi skal vurdere ein app i personvern-samanhengen må vi vere bevisst på kva slags informasjon appen gir tilgang til, og at desse opplysningane er relevante for det formålet vi ønsker å oppnå. Dette leiar igjen inn på ei vurdering av om appen i det heile er eit egna middel for å nå formålet. Samlar appen inn opplysningar han ikkje treng, eller gir han for vide tilgangar, bør vi ikkje bruke han som eit middel til å nå formålet.

Er elevane under 15 år, må det ligge føre samtykke frå foreldra. I tillegg må ansvar ved uhell (forsikring) vere klarlagt i tilfelle ein mobiltelefon skulle gå i stykke e.l.

Det er viktig at elevane ved bruk av apper får kunnskap om at det å legge ut bilete eller andre personopplysningar, f.eks. på  Instagram og Facebook, skal vere frivillig og basert på samtykke. Det vil seie at dei må innhente samtykke for å kunne publisere f.eks. bilete av andre.

Læraren har eit arbeidsrettsleg ansvar ovanfor sin arbeidsgivar for ikkje å gå utanfor dei rammene som arbeidsgivar har gitt for utføringa av arbeidet. Når det gjeld behandlinga av personopplysningar er det skoleeigar som har behandlingsansvaret, og såleis har ansvaret for å gjere dei tilsette i skolen kjend med retningslinjer og rammer. Dersom lærarane går utanfor dei rammene dei har fått til å behandle personopplysningar av skoleeigar, så er dette eit arbeidsrettsleg problem mellom arbeidsgivar og den tilsette. Datatilsynet vil som utgangspunkt halde skoleeigar ansvarleg.