Naturfagdagar om vatn

Naturfagsenteret hadde våren 2013 eit samarbeid med Høvik skole for å utvikle utforskande naturfagdagar for heile skolen. Felles tema var vatn med ulik vinkling på dei ulike trinna. 

 

Ein kan finne mykje rart i sjøen, her var det mange sjøstjerner. Ein kan finne mykje rart i sjøen, her var det mange sjøstjerner. Opplegget for 1.-2. trinn tok utgangspunkt i «kva flyt og kva søkk i vatn», 3.-4. trinn konsentrerte seg om «saltvatn og ferskvatn», mens mellomtrinnet lagde og testa ut vassrakettar. Alle opplegga er bygd opp ut frå den såkalla 5E-modellen for utforskande undervisning. Parallelt med desse opplegga besøkte elevane Lilløyplassen våtmarkssenter og fekk opplæring om insekt i dammen og på enga, livet i fjæra og ringmerking av fugl.

Elevane brukte nærområdet rundt skolen i stor grad. Utskyting av vassrakettar krev god plass, som ei stor slette eller fotballbane. Flyte-søkke-opplegget kan også gjennomførast inne, men å boltre seg i vatn er ein fordel å gjere ute. Tanken er også at elevane kan finne ting i nærområdet som dei kan undersøke om flyt eller søkk. Høvik skole hadde kort veg til strandkanten, da kan opplegget med saltvatn fint utnytte dette. For andre skolar er det inga problem å lage eige saltvatn. 

Opplegga inneheld forslag til spørsmål som du kan stille elevane, utheva med skråskrift. Det er lurt å tenke gjennom kva for typar spørsmål som får elevane til å reflektere og undre seg. Gode spørsmål kan få elevane til å komme på nye løysingar eller nye ting dei kan undersøke. Det er lurt å la elevane arbeide i smågrupper der dei kan diskutere og gjere kvarandre bevisste. Det er viktig at læraren bruker tid saman med elevane og gir dei innspel til vegen vidare og trekker saman trådane til slutt, slik at opplegga ikkje berre blir artige «happeningar».

Oj, kva har vi funne her? Oj, kva har vi funne her? Etter gjennomføringa på Høvik fortel lærarane at dagane var vellykka. Elevane var ivrige og engasjerte. Konkurranseelementet i vassraketten engasjerte også dei elevane som kan vere vanskelege å motivere. Opplegga var godt tilpassa dei ulike trinna, slik at elevane forsto kva dei skulle gjere og meistra oppgåvene. Både vaksne og barn ved skolen håpar at dei får til noko liknande neste skoleår.