Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg
Passer for
  • barnetrinn 3-4

Kompost – nedbryting på høggir

Nedbryting går føre seg på bakken heile tida. Men når vi komposterer, sørger vi for å skape ekstra gode forhold for at organisk materiale, for eksempel matrestar og hagerestar, raskt skal bli omdanna til næringsrik jord og humus av mikroorganismar som sopp og bakteriar. Vi kan også bruke meitemarken som ein effektiv hjelpar.

kompost Kvifor kompostere?

Kompostering er resirkulering på premissane til naturen. Ved å kompostere matavfall reduserer vi transporten av avfall, og fosfor som er ein avgrensa ressurs blir ført tilbake til jorda. I staden for å kjøpe plantejord med torv – ein seint fornybar ressurs (over tusener av år) – kan vi heller bruke utblanda kompostjord.

Korleis kompostere?

Når vi skal kompostere, må vi tenke på lufttilgang, fukt, rett forhold mellom karbon og nitrogen og temperatur.

Eit eksempel på varmkompost i ein lukka kompostbinge. Eit eksempel på varmkompost i ein lukka kompostbinge. Det er fleire ulike måtar å kompostere på. Varmkompost er kompostering i isolerte bingar, der temperaturen gjerne kan ligge på over 50 °C. Kaldkompostering er kompostering i uisolerte bingar eller haugar der temperaturen ikkje nødvendigvis blir så høg. Meitemarkkompost er ein kaldkompost der vi legg spesielt til rette for kompostmeitemarkane. Dei treng mykje organisk materiale, likar å ha det ganske fuktig og toler varme rundt 25 °C.

Og i botnen har det blitt danna jord. Og i botnen har det blitt danna jord. Matavfall bør bli kompostert i lukka, isolert varmkompost, slik at vi unngår å få skadedyr (eller eigentleg ryddedyr) rett i nærleiken av husa – eller i meitemarkkompost. Det er lurt å dele opp avfallet i mindre bitar. For at lufta skal komme godt til, er det viktig å røre i komposten. Med eit termometer kan vi følge med på temperaturen nedi varmkomposten.

Eit passande blandingsforhold i komposten er 1 del strø (f.eks. løv og granbar) og 3 delar matavfall. Det kan vere lurt å unngå sitrusfrukter og banan i komposten, fordi dette inneheld naturlege konserveringsmiddel, som gjer at det blir brote ned seint. Sitrusfrukter er i tillegg ofte tilsett muggmiddel som vil øydelegge soppen i komposten. Blomar er ofte tilsett sprøytemiddel, derfor bør vi unngå å legge blomsteravfall oppi. 50–100 kg organisk avfall blir til 20–40 kg god kompostjord.

Klikk i menyen til venstre for å lese vidare!