Nyhet

Nytt undervisnings­opplegg gir djup læring gjennom utforsking

I Cella som system må elevane undersøkje om ein meteoritt kan innehalde spor av liv i verdsrommet.

Vi har no laga eit utforskande undervisningopplegg om celler for ungdomstrinnet. Alt er ferdig planlagt slik at du som lærar kan kome raskt i gang og fokusere meir på undring, refleksjon og elevane si evne til å setje ord på eigne tankar og faglege progresjon. Arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene er integrert i heile opplegget.

Foto: Elias Chatzitheodoridis, Sarah Haigh og Ian Lyon. Foto: Elias Chatzitheodoridis, Sarah Haigh og Ian Lyon.

Bildet over viser noko som blei funne inni ein meteoritt frå 1911. Dette er det elevane skal forske på. Kan det vere spor av liv i verdsrommet? Elevane skal bruke bevis for å grunngje sin eigen konklusjon. Undervegs lærer dei om korleis cella er eit system som består av fleire deler som påverkar kvarandre, og korleis vi kan bruke modellar både for å forenkle og for å forstå og hugse betre.

Gjennom eit samarbeid mellom Naturfagsenteret og Utdanningsetaten i Oslo kommune har Morellbakken skole og Øraker skole vore med på å prøve ut og utvikle opplegget. Opplegget inneheld detaljerte instruksjonar og materiale til elevane slik at det kan takast i bruk som det er. Læraren kan sjølvsagt gjere eigne tilpassingar om det er ønskjeleg. Opplegget krev ikkje mykje utstyr, men vi tilrår at elevane får sjansen til å bruka mikroskop.

Opplegget er gratis å ta i bruk, og materialet til elevane er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål. Vi tek gjerne mot tilbakemeldingar frå lærarar som har prøvd opplegget, på post@naturfag.no.

Du finn Cella som systemnaturfag.no/celler.