Nyhet

Raud tråd gjennom oppstarten for Den naturlege skulesekken

– Viktig for oss å inspirere og motivere lærarar og skuleleiarar til å vidareføre jobben med å implementere utdanning for berekraftig utvikling på eigen skule, seier prosjektleiar Eldri Scheie.

Merethe Frøyland kunne ynskje velkomen til ein fullsett sal i Georg Sverdrups hus på Blindern. Merethe Frøyland kunne ynskje velkomen til ein fullsett sal i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Rundt 400 deltakarar var samla ved årets oppstartskonferanse for Den naturlege skulesekken (DNS) fredag 16. september. Seksti nye skular var representert med to eller fleire deltakarar.

– Vi kjenner ikkje detaljert kva fagbakgrunn alle deltakarane hadde, men vi reknar med at det var mange naturfag- og samfunnsfaglærarar, sidan det er regifaga i alle DNS-prosjekta.

Spreiing i prosjekta

Ho seier vidare at skuleprosjekta er tverrfaglege, og sidan rundt 70% av skulane rapporterer at dei har med faga norsk, matematikk og kroppsøving, er truleg fleire av desse faga òg representerte med deltakarar på konferansen.

– I tillegg var det òg ein del skuleleiarar, fortel Scheie mandagen etter konferansen, ein konferanse ho og teamet seier seg godt fornøgd med.

– Det vil alltid vera ting som kan gjerast annleis og betre, men jamt over er vi tilfreds med konferansen i år. For oss var det viktig å få fram spreiinga i prosjekta i DNS, og det trur eg vi har lukkast med.

– Ein av deltakarene, ein rektor, formulerte det slik: «Etter denne dagen ser jeg nå virkelig sammenhengen mellom læreplan, strategier og det vi gjør på skolen vår!»

Dela erfaringar

Konferansen hadde fleire foredragshaldarar utanfor prosjektet som innleidde om ulike tema. Anders Nielsen frå CEES fortalde ein litt annan historie om blomar og bier enn den vi kjenner til vanleg, og Sten Ludvigsen snakka om «Fremtidens skole», noko han burde vera rett mann for, all den tid han leia Ludvigsen-utvalet som leverte NOUen med same namn.

Mest suksess gjorde kanskje foredraget til Henrik Syse, som inviterte til både latter og ettertanke. Men for DNS var det viktig å få fram mindre kjende stemmer òg.

– Vi er glade for at vi klarte å få fram lærarstemmene frå dei som har deltatt i DNS tidlegare. Vi ville ha med prosjekt frå både barne-, ungdom- og vgs-nivå, og med tema som lett kan la seg overføre til andre nivå. Derfor hadde vi invitert skular til å dela erfaringane sine både i plenum og på dei regionale samlingane.

Viktig var det òg med regionale parallellsesjonar. Skulane som deltek i DNS er spreidde over heile landet, med regionvise koordinatorar frå UH-sektoren.

Framifrå posterar

– I desse parallellsesjonane får deltakarane den fyrste sjansen til å bli kjent med kvarandre og med regionkontakter. Betre kjent blir dei i november, då vi vil ha regionvise samlingar. Til då har skulane fått i oppdrag å vidareutvikla prosjekta sine med gode problemstillingar for elevane, samt fokusera på kva slags elevutbytte lærargruppa forventar i prosjekta.

Den siste skulen som fekk ordet på konferansen var Otta ungdomsskole, som deltok i DNS i åra 2010–2013.

– Dei skulane som blir med i DNS, får mest støtte, økonomisk og fagleg, fyrste året. Deretter vert det mindre støtte i år to og tre, og deretter er det meininga at dei skal klara seg sjølve. Det har Otta klart veldig bra, slår Scheie fast.

Heilt til slutt vart det delt ut premiar for tre framifrå posterar, der nummer ein var Bjørlien skule, som du kan sjå her, saman med nummer to og tre.

Vi avsluttar med nok eit sitat frå ein fornøgd rektor:

«Jeg må få si tusen takk for en utrolig flott dag med mange gode forelesninger, det var en fornøyelse å få være med på. Vi kom tilbake kjempeinspirert og håper vi klarer å overføre noe av entusiasmen for dette arbeidet til kollegiet og til elevene våre.»

Ei fornøgd Eldri Scheie (t.h.) saman med to andre frå teamet ved Naturfagsenteret: Tanja C. Lund (t.v.) og Karoline Mihle-Koller i midten. Ei fornøgd Eldri Scheie (t.h.) saman med to andre frå teamet ved Naturfagsenteret: Tanja C. Lund (t.v.) og Karoline Mihle-Koller i midten.