Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 2

Er all stråling farleg?

8.12 Er all stråling farlig NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis det elektromagnetiske spekteret til elevane. Spør: Kva for eigenskapar har dei uike typane av stråling? Bruk  tenk-par-del . Be elevane finne kva for strålingstypar som er farlege og korleis vi kan unngå å bli skada av desse. Spør: Korleis trur de livet ville ha vore dersom vi ikkje visste korleis vi kunne bruke elektromagnetisk stråling? Bruk  tenk-par-del . 

Sei: Stråling er rundt oss heile tida. Lyset som kjem inn i auga våre er stråling. Synleg lys er ein liten del av det elektromagnetiske spekteret som går frå radiobølger til gammastråling. Nokre typar stråling er skadelege fordi dei overfører energi til cellene våre. Men alle typar stråling kan også vere nyttige. For eksempel kan for mange gammastrålar eller røntgenstrålar øydelegge celler eller endre DNAet og gi kreft. Men røntgenstrålar hjelper oss med å sjå inni kroppen, og begge strålingstypane blir bruka for å drepe kreftceller. Nokre typar mikrobølger kan varme opp vatn, og sidan cellene våre er fulle av vant kan dette skade oss. Andre typar mikrobølger ber mobiltelefonsignal og gjer veldig lite skade. For mykje utrafiolett stråling kan gjere oss solbrente eller gi hudkreft, men huden vår treng ultrafiolett stråling for å lage vitamin D. Det er viktig å ikkje bli eksponert for for mykje av feil type stråling. 

Be elevane lage ei oversikt for å vise risiko og nytte av stråling til foreldre som er bekymra for stråling. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM733)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)