Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Blir gravitasjonen endra i høgda?

10.14 Endres tyngdekraften i høyden NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Korleis endrar gravitasjonen seg på ulike stadar? Korleis fell ting for eksempel på eit høgt fjell eller på månen. Korleis held satellittar seg i ein bane? Kva fortel dette oss om korleis gravitasjonen endrar seg? Bruk  tenk-par-del . Spør: Korleis ville det ha vore dersom det ikkje var gravitasjon?

Sei: Gravitasjon er ei kraft mellom objekt som trekk seg mot kvarandre. Han er forårsaka av massen til objekta, så han er svakare for små objekt og sterkare for større objekt som planetar. Gravitasjon verkar uansett kor langt du er frå noko, men han blir svakare når avstanden aukar. På ein fjelltopp er du litt lenger vekk frå sentrum av jorda, så gravitasjonen er litt svakare og ting veg litt mindre, omtrent 0,3 % mindre på toppen av Mount Everest. Du vil ikkje merke dette, og det vil vere vanskeleg å måle det sjølv med nøyaktig utstyr. Ting får meir potensiell energi når dei kjem lenger vekk frå jorda, mot gravitasjonen. Eit objekt på ein fjelltopp har meir potensiell energi enn ved foten av fjellet. Det får denne potensielle energien når du ber det opp på toppen, og energien kan bli frigitt dersom det fell ned frå fjellet. 

Be elevane lage ei skisse for å forklare kvifor det er lettare å skyte ut romfartøy frå ein romstasjon i bane rundt jorda enn frå bakken.