Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Det store smellet

10.12 Det store smellet NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Be elevane leite etter ulike kjelder for å finne ut meir om opphavet til universet. Snakk saman om ulike teoriar som kan forklare opphavet. Spør: Korleis vil dei ulike teoriane forklare trinna i syklusen til ei stjerne?

Sei: Teorien om det store smellet (Big bang) er akseptert at dei fleste forskarer. Teorien seier at all materie i universet blei skapt i ei hending for 14 milliardar år sidan. Han indikerer at det rommet som universet eksisterer i blei skapt samtidig med universet, og at rommet har utvida seg heile tida etterpå. Stjerner blei danna frå skyer av gass som blei trekt saman av gravitasjon. Dette hende mindre enn ein milliard år etter det store smellet og stjerner blir fortsatt danna i dag. Stjerner produserer energi gjennom kjernefusjon i milliardar av år, og dei blir enten kjølte sakte ned og blir mindre aktive eller dei eksploderer til ei spektakulær supernova. Materialet frå eksploderande stjerner blir resirkulert og blir til nye stjerner og planetar. Alle dei komplekse grunnstoffa på jorda blei danna i supernovaer for milliardar av år sidan. Vi veit ikkje om det ekspanderande universet vil stoppe å utvide seg og bli trekt saman igjen av gravitasjon. Dersom det gjer det, er det mogleg at det vil bli eit anna stort smell og eit anna univers, men det veit ingen. 

Be elevane lage ei tidslinje for å vise korleis universet har endra seg frå starten og til i dag.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • beskrive big bang-teorien om hvordan universet har oppstått og utviklet seg, og gjøre rede for observasjoner som støtter denne teorien (KM762)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Bakgrunnsstoff