Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kvifor høyrer vi ikkje hundefløyta?

 

9.14 Kvifor høyrer vi ikkje hundefløyta NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Er det nokon som har høyrt ei hundefløyte? Blås i ei hundefløyte og spør om elevane kan høyre lyden. 

Be elevane velje eit dyr og undersøke kva for frekvensområde dette dyret høyrer i. Be dei vise korleis det å høyre desse frekvensane hjelper dei å overleve.

Faglig forklaring

Frekvens betyr kor mange svingingar det er per sekund. Vi måler frekvens i hertz (Hz). Mennesket kan ikkje høyre lydar over 20 000 Hz. Lysare tonar har høg frekvens. Hundar kan høyre lysare tonar enn menneske, opp til 60 000 Hz avhengig av rase og alder på hunden. Hundefløyter har ein høgfrekvent lyd som vi ikkje høyrer, men som hundar kan høyre.

Lydar går vanlegvis like raskt i luft, omtrent 340 m/s. Lengda på kvar lydbølge, bølgelengda, endrar seg med frekvensen. Jo høgare frekvens, jo kortare bølgelengde. Tre eigenskapar til ei bølge; farten, bølgelengda og frekvensen, heng saman som vist i formelen fart = frekvens x bølgelengde. Dette kallar vi bølgelikninga. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

hundefløyte

Nettressurser