Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Når kondenserer vassdamp?

 

5.2 Når kondenserer vanndamp NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kvar og når kan vi sjå kondensering? Kva har de lagt merke til når det gjeld temperatur eller andre ting som kan hjelpe oss til å forklare kva kondensering kjem frå? Bruk  tenk-par-del

Ta ei flaske ut frå kjøleskapet og observer kva som skjer. Spør: Kva er samanhengen mellom kondensering og regn eller snø? 

Be elevane lage ein plakat for å forklare korleis det kan bli kondens på vindauga i ein bil med klimaanlegg på ein varm dag. 

Faglig forklaring

Kondensering er ein prosess der gass går over til å bli væske. Gassar endrar fase når dei blir avkjølt. Når vassdamp treff ei kald overflate, endrar han form til flytande vatn og lagar små dropar på den kalde overflata. Dette laget med vassdropar kallar vi kondens. Dette skjer på vindauge og frontruter på vinteren fordi glasa er kalde. Det kan også skje ved høgare temperaturar dersom lufta har mykje vassdamp i seg, slik som på eit bad, i ein svømmehall eller i ein regnskog. Dersom overflata er under 0 °C, kan vassdampen gå rett over til is utan å gå vegen om væske. Dette er ei spesiell form for kondensering som vi kallar deposisjon.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

flaske i kjøleskap