Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave

Veg helium noko?

 

4.5 Veier helium noe NN  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Det er vanskeleg å vege gass i ein ballong, men du kan finne ut om luft har masse og veg noko ved å bruke to ballongar fylt med luft. Heng kvar av ballongane på kvar sin ende av ei skålvekt. Fest ein tapebit på ein av ballongane. Stikk forsiktig eit hol gjennom tapebiten. Observer og diskuter kva som skjer.

De kan ikkje vege helium på denne måten. Be elevane om å søke på internett for å finne ut kva ein full og ein tom heliumsylinder veg. Spør: Korleis vil vekta til ein heliumsylinder endre seg etter kvart som vi brukar han til å fylle ballongar? 

Be elevane teikne og forklare korleis ein heliumballong svevar i lufta og ein luftballong ikkje gjer det.

Faglig forklaring

Alle gassar har masse, og tyngdekraften drar på dei, så dei må vege noko. Dersom du tar helium på ein ballong, må han bli tyngre. Så kvifor svevar han? Dersom du dyttar noko som svevar ned under vatn, så dyttar det noko vatn ut og vatnet dyttar tilbake. Dette kallar vi oppdrift, og oppdrifta dyttar objektet tilbake mot overflata. Luft dyttar også på objekt. Helium er ein veldig lett gass som har mykje mindre tettleik enn luft. Ein liten masse av helium tar opp stor plass. Ein ballong fylt med heliumgass blir tyngre, men han har også lågare tettleik enn lufta rundt. Lufta dyttar på ballongen og gir ei oppdrift som er stor nok til å halde ballongen svevande. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs