Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Treng vi forbrenningsanlegg?

Er det miljøvenleg å brenne søppelet vårt?

 

3.4 Trenger vi forbrenningsanlegg NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane lage ein tabell over fordelar og ulemper med forbrenningsanlegg. Del elevane inn i grupper der nokre skal vere for og andre mot forbrenningsanlegg. Be dei bruke tabellen for å presentere argument til motstandarane. 

 

Faglig forklaring

Kolfyring, vedomnar, gassomnar, bilar og forbrenningsanlegg forureinar. Forbrenningsanlegg blir meir vanleg fordi dei både fjernar avfall og produserer varme og straum. Nokre likar ikkje å ha anlegg i nabolaget, på grunn av forureining. Men moderne forbrenningsanlegg har system for å hindre at gassen er meir forureinande enn kol- eller vedfyring. Forbrenningsanlegg vil også gjere at mindre kol, olje eller gass blir brukt. Dette reduserer det totale utsleppet av karbondioksid til straumproduksjon, fordi utsleppet av karbondioksid når søppelet brenn, tilsvarar utsleppet når søppelet rotnar. Søppel i forbrenningsanlegg kan også produsere varme til oppvarming av hus. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
      • drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Nettressurser

(miljostatus.miljodirektoratet.no)