Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Skil planter ut avfallsstoff?

Er det berre dyr som lagar avfallsstoff eller gjer planter også det? Og korleis kvitte seg med avfall?

 

1.14 Do plants excrete NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Snakk saman om dei ulike stoffa (faste stoff, væsker og gass) som blir skilde ut av kroppen vår. Spør: Kva for nokre av desse trur de er avfallsstoff? Dersom dei er avfallsstoff, kvar kjem dei ifrå og kva prosessar er det som lagar dei? Snakk om det er slik at andre dyr lagar tilsvarande avfallsstoff, og om planter også lagar nokre av desse. Spør: Korleis kan planter, som ikkje produserer urin eller avføring, kvitte seg med avfallsstoff?

Be elevane lage ein plakat for å forklare kvar og korleis kroppen vår kvittar seg med avfallsstoff.

Faglig forklaring

Ekskresjon er ordet som forskarar bruker for å beskrive måten levande organismar kvittar seg med avfallsstoff. Levande organismar produserer avfallsstoff som ein del av det å leve. Hovudkjelda for avfallsstoff i dyr er fordøying av mat og celleanding. Stoff som kan vere skadelege for kroppen blir skilde ut gjennom urinering, sveitting, avføring og pusting. Ekskresjon inkluderer det å puste ut karbondioksid. Planter produserer også avfallsstoff, inkludert oksygen frå fotosyntesen og karbondioksid frå celleandinga. Desse gassane kvittar plantane seg med gjennom spalteopningane (stomata), små opningar i blada. Nokre planter samlar avfallsstoff i blada og kvittar seg med desse når dei mistar blada om hausten. Harpiks og kvae inneheld også avfallsstoff frå planter. Nokre planter lagrar avfallsstoff inni planta i ei form som ikkje gjer skade. 

Omgrepet ekskresjon kan ha ulike definiasjonar. I fysiologien kan ekskresjon vere avgrensa til nyrer og urinsystemet, slik at avføring ikkje er tatt med. Utskiljing av karbondioksid blir da omtala som ein del av gassutvekslingssystemet.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)
    • Kropp og helse (KE71)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)